«Carey» er ein song frå Joni Mitchell-albumet Blue frå 1971. Han var inspirert av tida ho var saman med Cary Raditz, som budde i eit hippiesamfunn i nokre grotter i Matala på den greske øya Kreta.

Mitchell reiste til Europa etter at forholdet hennar til Graham Nash tok slutt tidleg i 1970. Her møtte ho Raditz og skreiv «Carey» for 24-årsdagen hans. På same reisa lærte ho seg å spele Appalachian dulcimer, som ho brukte mykje dei neste åra. Ho spelte dette instrumentet på «Carey», med Stephen Stills på bass og akustisk gitar. «Carey» kom ut på singel og nådde 93. plassen på Billboard-lista den 4. september 1971.

Andre versjonar I 1972 spelte skodespelarinna Goldie Hawn inn ein versjon av songen for albumet hennar Goldie (Warner MS 2061). På ein konert til ære for Mitchell i 2000 på Hammerstein Ballroom i New York vart songen framført av Cyndi Lauper. I 2008 spelte trommeslagaren Russ Kunkel og gruppa Chateau Beach inn songen på albumet deira Rivage. «Carey» er òg blitt spelt av Universal Honey, Sara Gazarek og Kiki Dee.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Carey (song)» frå , den 23. januar 2021. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Tekst frå jonimitchell.com

Kategori:Songar frå 1971 Kategori:Joni Mitchell-songar Kategori:Songar skrivne av Joni Mitchell Kategori:Songar produserte av Joni Mitchell Kategori:Singlar frå 1971