Paulette Goddard, eigentleg Marion Pauline Levy, () var ein amerikansk skodespelar innan film og teater.Kjeldene oppgjev noko ulike årstal for fødselen hennar. Dei sveitsiske styresmaktene protokollerte denne ved då ho døydde som 1905, medan den amerikanske folketeljinga i 1920 viser at per 15. april 1910 var foreldra barnlause medan dei budde på Manhattan. Folketeljinga frå 1. januar 1920 viser Paulette Goddard (som Pauline G. Levy), 9 år, buande med foreldra i Kansas City i Missouri. Ho er òg kjend for å ha vore gift med kjende personar som Charlie Chaplin, Burgess Meredith og Erich Maria Remarque.
Goddard starta karrieren som barnemodell innan mote, og arbeidde seinare ved teatera på Broadway ved Ziegfeld Follies-produksjonane. Ho var ein av dei store stjernene til Paramount Pictures i 1940-åra.
I 1943 blei ho nominert til Oscar for beste kvinnelege birolle for rolla som løytnant Joan O'Doul i filmen So Proudly We Hail!.
Bakgrunn Goddard var det einaste barnet til Joseph Russell Levy og Alta Mae Goddard. Faren hadde jødisk bakgrunn, medan mora hadde engelsk bakgrunn og var medlem av den amerikanske episkopale kyrkja. Foreldra skilde seg då ho var ung, og ho hadde ikkje kontakt med faren før etter at ho blei ei kjend stjerne. Ho voks opp saman med mora, og blei òg teken hand om av grandonkelen Charles Goddard som blant anna skaffa ho arbeid som modell som ung og seinare tilsetjing ved Ziegfeld Follies som ei av dei overdekorerte og pynta Ziegfeld Girls i showet. Her arbeidde ho frå 1924 til 1928. Ho gjekk på Washington Irving High School i Manhattan samstundes med Claire Trevor.
Liv og karriere mini|Paulette Goddard i Dramatic School frå 1938 mini|Goddard, med Fred Astaire (i midten) og den kommande ektemannen hennar Burgess Meredith i filmen Second Chorus frå 1940 Ho debuterte i ei scenerolle i 1926 i stykket No Foolin'''. På denne tida tok ho òg Paulette som einaste førenamn og jentenamnet til mor si, Goddard, som etternamn. Dette var òg etternamnet til velgjeraren hennar, grandonkelen Charles. Ho gifta seg med den noko eldre, rike tømmerhandlaren Edgar James i 1926 eller 1927 og flytta til Nord-Carolina. I 1929 flytta ho vidare til Hollywood saman med mor si, og blei skild frå Edgar James året etter.
Etter å ha hatt ein del mindre, ikkje krediterte roller, skreiv ho i 1932 kontrakt med Hal Roachs studios, og spelte blant anna i Helan og Halvan-filmen Pack Up Your Troubles. Same året traff ho Charlie Chaplin og dei var involverte både i eit romantisk og eit profesjonelt tilhøve mellom 1932 og 1940. Goddard budde saman med Chaplin i heimen hans i Beverly Hills det meste av denne tida. Chaplin gav henne hovudrolla i Moderne tider og Diktatoren. Mangel på klargjering av den ekteskapelege statusen deira skal ha vore årsaka til at Vivien Leigh fekk rolla som Scarlett O'Hara i Tatt av vinden i staden for Goddard.Haver, Ronald: David O. Selznick's Hollywood, sidene 251 og 259-260 Bonanza Books, 1980, New York. ISBN 0-517-47665-7 Etter at tilhøvet til Chaplin enda i 1940 gav både Chaplin og Goddard offentlege utsegner der dei fortalde at dei hadde vore hemmeleg gifte sidan 1936, men desse utsegnene var truleg meir eit felles forsøk på å hindra langvarig skade på Goddard sin karriere. Tilhøvet deira enda i minneligheit i 1942 då Goddard fekk ei godtgjering.
I mellomtida spelte ho inn filmar for Samuel Goldwyn Studio. I 1939 teikna ho kontrakt med Paramount Pictures, og den første filmen for dette selskapet var The Cat and the Canary der ho spelte mot Bob Hope. Denne filmen skulle bli eit vendepunkt i karrieren til begge. For Goddard førte filmen til rolla hennar i Diktatoren, og etter brotet med Chaplin spelte ho mot Fred Astaire i filmen Second Chorus.
Under denne innspelinga møtte ho skodespelaren Burgess Meredith som ho seinare gifta med seg. I heile perioden frå 1939 og fram gjennom 1940-åra var ho Goddard ein av dei største filmstjernene og hadde ein stor produksjon. I 1947 reiste ho til Storbritannia og spelte inn filmen An Ideal Husband, regissert av Alexander Korda.
I ekteskapet med Meredith hadde ho ein spontanabort, og fekk inkje barn. Ho var gift med Meredith fram til 1958. Seinare gifta ho seg med den tyske forfattaren Erich Maria Remarque og blei verande gift med han fram til han døydde i 1970.
Ho arva ein betydeleg formue etter Remarque og blei utover i 1980-åra ein kjend figur i det sosiale livet i New York. Ho blei svekka etter ein omfattande operasjon for brystkreft, der fleire ribbein måtte fjernast. Ho flytta då attende til Ronco sopra Ascona i Sveits der ho hadde budd saman med Remarque og der han og mora var gravlagde. Ho døydde i Ronco av lungeemfysem, nokre veker før 80-årsdagen. Ho testamenterte heile formuemn sin på 20 millionar amerikanske dollar til New York University, og eit elevinternat i tilknyting til universitetet er oppkalla etter henne.
Filmografi + FilmarÅrFilmRolleNote1929Berth MarksTogpassasjerThe Locked DoorJente på smuglarbåtIkkje kreditert1931City StreetsDansenummerIkkje kreditertThe Girl HabitUndertøyseljarLadies of the Big HouseInnsett, i mengdaIkkje kreditert1932The MouthpieceBlondine i selskapIkkje kreditertShow BusinessBlond togpassasjerIkkje kreditertYoung IronsidesSeg sjølv, Miss HollywoodIkkje kreditertPack Up Your TroublesBrudepikeIkkje kreditertGirl GriefStudentIkkje kreditertThe Kid from SpainGoldwyn-jenteIkkje kreditert1933Hollywood on Parade No. B-1Seg sjølvLita rolleThe BoweryBlond jente som annonserer Brodie sitt hoppIkkje kreditertHollywood on Parade No. B-5Seg sjølvLita rolleRoman ScandalsGoldwyn-jenteIkkje kreditert1934Kid Million sinGoldwyn-jenteIkkje kreditert1936Moderne tiderEllen PetersonThe Bohemian GirlOmstreifande sigøynarIkkje kreditert1938Når hjertet er ungtLeslie SaundersDramatic SchoolNana1939KvinnerMiriam AaronsSpøkelseshusetJoyce Norman1940The Ghost BreakersMary CarterDiktatorenHannahScreen Snapshots: Sports in HollywoodSeg sjølvLita rolleCanadas ridende politiLouvette CorbeauAnnan tittel: Northwest Mounted Police, The Scarlet RidersSecond ChorusEllen Miller1941Jimmys rike onkelMolly McCorkleAnnan tittel: The Golden Hour, Jimmy Steps OutLa det ikke bli dagAnita DixonNothing But the TruthGwen Saunders1942Ung dame har planerSidney RoyceUrent farvannLoxi ClaiborneAnnan tittel: Cecil B. DeMille's Reap the Wild WindThe Forest Rangers Celia Huston StuartStar Spangled RhythmSeg sjølv1943The Crystal BallToni GerardStolt helsar viLøytnant Joan O'DoulNominert til Oscar for beste kvinnelege birolle1944Direktøren søker nattlosjiJane Rogers/SuzanneI Lóve a SoldierEvelyn Connors1945Duffy's TavernSeg sjølvKittyKitty1946Celestines dagbokCélestineProdusent (ikkje kreditert)1947Suddenly, It's SpringMary MorelyVariety GirlSeg sjølvUbeseiretAbigail «Abby» Martha HaleEn ideell ektemannFru Laura Cheveley1948Når enden er godMartha PeaseScreen Snapshots: Smiles and StylesSeg sjølvLita rolleHazardEllen Crane1949Hevnens borgLucretia BorgiaAnna LucastaAnna LucastaA Yank Comes BackSeg sjølvIkkje kreditert1950The TorchMaría Dolores PenafielAssisterande produsent
Annen tittel: Bandit General1952Babes in BagdadKyra1953MordkommisjonenMona RossAnnan tittel: The Girl in Room 17Sins of JezebelJezebelParis ModelBetty BarnesAnnan tittel: Nude at Midnight1954Charge of the LancersTanyaA Stranger Came HomeAngieAnnan tittel: The Unholy Four1964Gli indifferentiMariagrazia
+ FjernsynÅrTittelRolleNote1953-1957Ford TheatreNancy Whiting Holly MarchTo episodar1952The Ed Sullivan ShowSeg sjølvTo episodar1954Sherlock HolmesLady BerylEin episode1955Producers' ShowcaseSylvia FowlerEin episode1957The Errol Flynn TheatreRachelEin episodeOn TrialDollyEin episode1959Adventures in ParadiseMme. Victorine ReynardEin episodeWhat's My Line?PanelgjestEin episode1961The PhantomMrs. HarrisTV-film1972The Snoop SistersNorma TreetTV-film
Annan tittel: Female Instinct
KjelderDenne artikkelen bygger på «Paulette Goddard» frå , den 30. januar 2021.''
Kategori:Folk frå Queens Kategori:Skodespelarar frå New York City Kategori:USA-amerikanske filmprodusentar Kategori:USA-amerikanske skodespelarar