Verdscupen i skihopping 1981 omfatta 24 tevlingar. Turneringa, den andre i sitt slag, tok til med storbakkerennet 30. desember 1980 i Oberstdorf i dåverande Vest-Tyskland og vart avslutta i storbakken i Planica i dåverande Jugoslavia 22. mars 1981. Dei 24 tevlingane fordelte seg på 8 i normalbakkar, 14 i storbakkar og 2 i skiflyging, skiflygingstevlingane fann stad i Ironwood i USA.
Armin Kogler frå Austerrike sikra seg den store FIS-premien, trass i at han vann berre tre av hopprenna. Nordmannen Roger Ruud vann fem renn og kom på andreplass i turneringa. I tevlinga for landslag sigra Austerrike med 983 poeng, fattige 3 poeng framom Noreg.
Individuelt Plass Utøvar Land PoengSigrar 1 Armin Kogler 205 3 2 Roger Ruud 201 5 3 Horst Bulau 179 2 4 Hubert Neuper 166 2 5 Jari Puikkonen 162 4 6 Johan Sætre 142 1 7 Hans Wallner 127 1 8 Per Bergerud 124 1 9 Ivar Mobekk 91 10 Pentti Kokkonen 90 11 Alois Lipburger 88 2 12 Ole Bremseth 81 13 Primož Ulaga 66 1 14 Andreas Felder 60 15 Steve Collins 59 16 Jon Eilert Bøgseth 58 17 Dag Holmen-Jensen 53 1 18 Kari Ylianttila 50 19 John Broman 49 1 20 Fritz Koch 46 21 Tom Levorstad 41 22 Klaus Tuchscherer 40 23 Pjotr Sunin 36 24 Alfred Groyer 32 25 Vladimir Tsjernjajev 32
Kjelder Sportsboken 81-82. Dreyer Bok Stavanger. 1981.
Kategori:Nordiske greiner 1981 Kategori:Sport i 1981