Underholdningsavdelingen var eit norsk humorprogram som baserte seg på sketsjar og musikalske innslag som vart sendt på NRK1 mellom 2013 og 2016.
Programmet vart sendt på NRK1 for fyrste gong 16. februar 2013 og premieren vart sett av 835 000 sjåarar.
På tross av gode sjåartal kunngjorde NRK i juni 2016 at programmet ikkje vart fornya og at det var sett på pause inntil vidare.
Format Programmet var inspirert av det amerikanske humorprogrammet Saturday Night Live, og er i hovudsak basert på sketsjar framført framfor eit studiopublikum i tillegg til sketsjar som er spelt inn på førehand.
Kvart av programma opna med ein kort monolog der deltakarane i ensemblet ynskjer velkomen til programmet. I den fyrste sesongen var det berre to av medlemma i ensemblet som ynskja velkomen. I avslutninga på kvart program står alle deltakarane samla og takkar sjåaren for å ha sett på.
Det fiktive husbandet Lenny's Orkester er ein fast gjengangar i den fyrste sesongen av Underholdningsavdelingen.
Produksjon Medlemmar i ensemblet Sesong 1
Bjarte Tjøstheim Herborg Kråkevik Kristin Grue Live Nelvik Robert Stoltenberg Steinjo Greig Halvorsen Vidar Magnussen
Sesong 2 Bjarte Tjøstheim Kristin Grue Live Nelvik Robert Stoltenberg Silje Torp Vidar Magnussen
mini|Christian Mikkelsen vart ein del av Underholdningsavdelingen frå sesong 3.
Sesong 3 Christian Mikkelsen Kristine Riis Martin Beyer-Olsen
Robert Stoltenberg Silje Torp Vidar Magnussen
Steinar Sagen (vikar i episode 4)
Sesong 4
Christian Mikkselsen Christian Skolmen Kristine Riis Martin Beyer-Olsen Silje Torp
Medlemmar på sesongbasis Sesong 1Sesong 2Sesong 3Sesong 4Bjarte TjøstheimChristian MikkelsenChristian SkolmenHerborg KråkevikKristin GrueKristine RiisLive NelvikMartin Beyer-OlsenRobert StoltenbergSilje TorpSteinjo Greig HalvorsenVidar Magnussen
Faste innslag
Nytt på lørdag - første innslag i episode 2 i sesong 1 Verdens minste kommentatorboks - første innslag i episode 2 av sesong 3
mini|Studioet der Underholdningsavdelingen har blitt spelt inn - på NRK Marienlyst.
Studio Innslag og sketsjar som er spelt inn framfor publikum er spelt inn i Studio 2 på NRK Marienlyst.
Episodar
Sesong 1 EpisodeSendedatoSjåartal116. februar 2013835 000223. februar 2013687 00032. mars 201349. mars 2013516. mars 2013623. mars 201376. april 2013813. april 2013920. april 20131027. april 2013
Sesong 2 EpisodeSendedatoSjåartal118. februar 20141215. februar 20141322. februar 2014141. mars 20141515. mars 20141622. mars 20141729. mars 2014185. april 20141912. april 20142026. april 2014
Sesong 3 EpisodeSendedatoSjåartal2131. januar 2015227. februar 20152314. februar 20152421. februar 20152528. februar 2015267. mars 20152714. mars 20152821. mars 20152928. mars 20153011. april 2015
Sesong 4 EpisodeSendedatoSjåartalGjest3116. januar 2016Robert Stoltenberg3223. januar 2016Kevin Vågenes336. februar 2016Erik Solbakken3413. februar 2016Ine Jansen3520. februar 2016Erik Solbakken3627. februar 2016Robert Stoltenberg375. mars 2016Kåre Magnus Bergh3812. mars 2016Steinar Sagen3919. mars 2016Vidar Magnussen4026. mars 2016
Mottaking Programmet fekk blanda mottaking frå kritikarane. Kritikar i VG, Øystein David Johansen, kalla programmet for «tidenes dårligaste lørdagsunderholdning». Dagbladet sin kritikar, Camilla Berg Hansen, var noko meir positiv og beskreiv programmet som «greit og blanda».
Prisar I 2016 vart Kristine Riis nominert til Komiprisen i kategorien «Årets kvinnelige TV-komiker» og Martin Beyer-Olsen nominert i kategorien «Årets mannlige TV-komiker». Innslaget «Skavlan-parodi» vart nominert i kategorien «Årets TV-øyeblikk», medan Christian Mikkelsen vann kategorien «Årets gjennombrudd».
Kritikk Ein sketsj i episode 28, som vart sendt 21. mars 2015, vekka reaksjonar blant nokre sjåaarar. Sketsjen handla om ein eigedomsmeklar som prøvde å selja eit dødsbu med tydelege spor etter blod og lik liggjande rundt i bustaden.
Kjelder
Kategori:Norske fjernsynsprogram Kategori:Humorprogram Kategori:Fjernsynsprogram frå NRK Kategori:Fjernsynsseriar frå 2010-åra