Milet eller Miletos (gresk Μίλητος, Milētos; latin Miletus) var ein gresk oldtidsby på vestkysten av Vesle-Asia, på ei halvøy sør for byen Söke i dagens Tyrkia.Milet i Store norske leksikon
Milet voks truleg fram omkring 1500 år før vår tidsrekning. Byen var den leiande staden under den joniske kulturen, og var særleg kjend for ullindustri og omfattande sjøfart. Persarar erobra Milet i 547 fvt., frå 133 fvt. låg han under Romarriket.
Elveslam gjorde at Milet mista kontakta med havet og byen gjekk til grunne i bysantisk tid. Ruinar av monumentale byggverk, så som tempel og teater, finst att på staden.
Bevis på tidleg busetjing ved staden er blitt gjort utilgjengelege ved at havnivået har stige og avsetning av sediment frå Menderes heilt har endra landskapet sidan oldtida. Dei første tilgjengelege påvisingane er av neolittiske folk. I tidleg og midtre bronsealder kom busetjinga under minoisk innverknad. Legender vil ha det til at ei tilstrøyming av folk frå Kreta okkuperte staden og erstatta den innfødde folkesetnaden av lelegarar. Staden blei omdøypt til Miletos etter ein stad på Kreta.
I sein bronsealder, 1200-talet f.Kr., kom det ei tilstrøyming av luvisktalande folk austfrå og frå sørsentrale Anatolia som kom til å kalla seg sjølv for kariarar. Seinare i dette hundreåret kom dei første gresktalande folka frå øyane i Egearhavet og frå det greske fastlandet. Byen gjorde på denne tida opprør mot Hettittarriket. Etter at riket til hettittane fall saman, blei byen øydelagt på 1100-talet f.Kr. og byrja på nytt ein gong rundt 1000 f.Kr. med ny busetjing av joniske grekarar. Legenda viser til ei jonisk grunnlegging av ein stamfar kalla Neleos frå Peloponnes.
Dei mørke hundreåra i Hellas var ei tid med jonisk busetjing og ein samanslutting i det som blei kalla det joniske forbundet. Arkaisk tid i Hellas byrja med eit plutseleg oppsving i kunstuttrykk og filosofi på kysten av Anatolia. På 500-talet f.Kr. blei Milet som ein travel hamneby med innverknad frå innlandet og sjøvegen i sør til staden som blei opphavet til den greske filosofiske (og vitskaplege) tradisjon då Thales (500-talet f.Kr.), den eine av dei sju vise i Hellas, følgd av Anaximander og Anaximenes (kjend kollektivt for dagens forskarar som den miletiske skulen og som førsokratiske filosofar) byrja å spekulera om det materielle vesenet til verda (kva som var urstoffet i verda) og å foreslå spekulative naturalistiske (i motsetnad til tradisjonelle og overnaturlege) forklaringar på ulike naturlege fenomen.
Miletos er òg fødestaden til arkitekten Isidor som stod bak den tidlegare katedralen Hagia Sofia i Konstantinopel og oppfinnaren av strebebogen (500-talet e.Kr.)
Geografi høgre|mini|Plasseringa av Milet ved munningen av Menderes. Kartet viser korleis Milet var ein hamneby i antikken, men korleis avleiringer frå elva har fylt ut bukta i hundreåra og gjort han til ein innlandsby.
Milet låg på vestkysten av Anatolia (i den noverande tyrkiske provinsen Aydın), i nærleiken av munningen til elva Menderes, kalla Maiandros i antikken (no Büyük Menderes), i oldtidsriket Karia.Tellier, Luc-Normand (2009): Urban World History: An Economic and Geographical Perspective, PUQ, s.79: «The neighboring Greek city of Miletus, located on the Menander river was another terminal of the same route; it exerted certain hegemony over the Black sea trade and created about fifty commercial entrepôts in the Aegean sea and Black sea region...» Før den persiske invasjonen på midten av 500-talet f.Kr. var Miletos rekna som den største og rikaste av dei greske byane.Marshall, John (1891): A Short History of Greek Philosophy, Kessinger Publishing, LLC, nyutgivelse 2007; s. 11: «For several centuries prior to the great Persian inversion of Greece, perhaps the very greatest and wealthiest city of the Greek world was Miletus.»Sansone, David (2003): Ancient Greek civilization; John Wiley & Sons, s. 79: «In the seventh and sixth centuries BC the city of Miletus was among the most prosperous and powerful of Greek poleis.» Ruinane av den antikke byen opptrer på satellittkart ved 37°31.8'N 27°16.7'E, omtrent 3 km nord for Balat og rundt 3 km austom Batiköy.
I antikken hadde byen ei hamn ved det sørlege innløpet av ei stor bukt. I den same bukta oppstod det òg to andre (av dei tradisjonelt tolv) joniske byar: Priene og Myus. Hamna i Miletos var i tillegg verna av ei lita øy, Ladt. I løpet i hundreåra blei bukta fylt opp av silt som blei liggjande igjen som avleiring etter elva. Priene og Myus mista hamnene sine allereie i romersk tid, og Milet blei til ein innlandsby. I tidleg kristen tid var alle dei tre byane forlatne av innbyggjarane då økonomien her blei kvelt av mangelen av tilgjenge til havet. Det var eit stort hamnemonument der som er nemnd i Det nye testamentet. Det fortel at apostelen Paulus stoppa der på sjøreisa si tilbake til Jerusalem. Han møtte dei gamle frå forsamlinga i Efesos og drog deretter ned til stranda for å seia farvel, ifølgje Apostelgjerningane.Nettbibelen: Apostlenes gjerninger 17-38: «Fra Miletos sendte han bud til Efesos og kalte til seg menighetens eldste.»
Geologi I løpet av den geologiske epoken pleistocen var regionen Miletos under havnivået i Egearhavet. Han løfta seg deretter langsamt. Havet nådde eit nedre nivå på rundt 130 meter nedanfor dagens nivå for rundt 18 000 år sidan. Staden Miletos var ein del av fastlandet.
Ei gradvis forhøging førte til eit nivå på rundt 1,75 meter nedanfor dagens for rundt 5 500 år sidan, og skapte fleire karstblokkøyer av kalkstein, noko som blei plasseringa til dei aller første busetjingane ved Milet. For rundt 1500 år sidan skifta karst-topografien grunna mindre skorpebevegelser og øya danna ei fast eining i form av ei halvøy. Deretter heva havet seg rundt 1,75 meter, men halvøya har blitt omgjeven av sediment frå Mendereselva og er i dag landfast. Sedimenteringa av hamna byrja ein gong rundt 1000 f.Kr. og ved år 300 e.Kr. hadde innsjøen Bafa blitt til.Crouch, Dora P. (2004): Geology and Settlement, s. 180.
Historie
Neolittisk tid Dei eldste tilgjengelege arkeologiske bevisa indikerer at øyane som Milet opphavleg låg på, blei folkesette av ein steinalderfolkesetnad i neolittisk tid ein gong mellom 3500 og 3000 f.Kr. Pollenprøver frå innsjøen Bafa innanfor Miletos ved foten av Beşparmakfjella (i antikken kalla for Λάτμος, Latmos) tyder på at ein lett klimavegetasjon og skog der det beita dyr var rådande i Menderesdalen, men elles var han ikkje folkesett.Crouch, Dora P. (2004): Geology and Settlement, s. 183. Det var ei sesongmessig og hyppig menneskeleg busetjing skjedde i vårmånedane. Øyane utanfor kysten var kanskje busette på grunn av den strategiske plasseringa deira utanfor elva, ei rute innanlands verna av den bratte fjellskråningen. Beitedyra i dalen kan ha tilhøyrt dei, men busetjingslokaliteten gjekk ut mot havet.
Bronsealderen Nedskriven historie for Milet byrjar med skrifter frå Hettittarriket i sein bronsealder. Den forhistoriske arkeologien i tidleg og midtre bronsealder tyder på ein by tungt påverka av samfunn og hendingar andre stadar i Egearhavet framfor innlandet.
Den kretiske perioden Frå rundt 1900 f.Kr. blei det skaffa gjenstandar frå den minoiske sivilisasjonen på Kreta via handel.Crouch, Dora P. (2004): Geology and Settlement, s. 183. I ein del hundreår mottok Miletos sterke impulsar frå den avanserte minoiske sivilisasjonen, eit arkeologisk faktum som tenderer å støtta, men ikkje naudsynlegvis stadfesta, opphavsmyten om ei tilstrøyming av folkesetnad frå Kreta slik Strabon har fortalt:Strabon, Bok 14, seksjon 1.6.
«Eforos sier: Miletos ble først grunnlagt og befestet over havet av kretere hvor Miletos fra gamle tider er nå beliggende, ble bosatt av Sarpedon som førte med seg kolonister fra kretiske Miletos og navnga byen etter dette Miletos, stedet var tidligere eid av lelegerne.»
Legendene skrivne ned som historie av historikarar og geografar i antikken er kanskje sterkast. seinare mytografar har ikkje lagt til noko av historisk tyding.Den senere fantasifortellingen til Antoninus Liberalis (mellom 100-300 e.Kr.) og hans Metamorphoseon Synagoge XXX 1–2, en samling av førtien meget korte mytiske omforminger, kan trygt bli sett bort fra å ha noen form for historisk betydning. Hans underholdende fortellinger har en fiktiv mytologisk figur ved navn Miletos som flykter fra Kreta for å unngå å bli tvunget til å bli eromenos (den kvinnelig part i et homofilt forhold) av den mytologiske kong Minos av Kreta. Miletos grunnlegger byen med sitt navn etter å ha drept en kjempe ved navn Asterios, sønn av Anax, og etter sistnevnte ble region til byen Miletos kalt for «Anaktoria», i betydningen «stedet til Anax». Den greske betydningen av Anax er «konge» og Asterios er «skinnende».
Luvisk og gresk periode Miletos er første gong nemnd i dei hettittiske annalane til kong Mursili II som «Millawanda». Ein gong rundt 1320 f.Kr. støtta Millawanda opprøret til Uhha-Ziti frå Arzawa. Mursili II gav hærførarane sine Mala-Ziti og Gulla ordre om å herja Millawanda, og desse følgde opp med å brenna ned byen eller delar av han. Brennskader i det arkeologiske laget LHIIIA på staden er blitt knytte til dette åtaket.Mee, Christopher: Anatolia and the Aegean in the Late Bronze Age (PDF), s. 142 I tillegg blei byen forskansa etter ein hettittisk plan.Mee, Christopher: Anatolia and the Aegean, s. 139
Millawanda er deretter nemnd i Tawagalawa-brevet, delvis i ei rekkje som omfattar Manapa-Tarhunta-brevet og Milawata-brevet, alle som er mindre enn påliteleg datert til tida rundt 1250 f.Kr. Det førstnemnde brevet nemner at Milawata (Millawanda) hadde ein guvernør, Atpa, som var underlagt herredømet til Ahhiyawa (ein veksande stat som truleg kan identifiserast med helladisk Mykene på det greske fastlandet); og at byen Atriya var underlagt styresmakta til Milawata. Manapa-Tarhunta-brevet nemner òg Atpa. Til saman fortel dei to breva at eventyraren Piyama-Radu hadde audmjuka Manapa-Tarhunta overfor Atpa (i tillegg til andre dårlege handlingar); ein hettittisk konge har deretter jaga Piyama-Radu til Millawanda og, i Tawagalawa-beva, kravd denne utlevert.
Milawata-brevet nemner ein fellesekspedisjon av den hettittiske kongen og ein luvisk vasall (truleg Kupanta-Kurunta av Mira) mot Milawata og merker seg at Milawata (og Atriya) no var underlagt hettittisk kontroll.
Homer nemner at under Trojakrigen var Miletos ein karisk by.Homer: Iliaden, sang II I det siste stadiet av helladisk tid hadde festninga i Pylos i bronsealderen blant dei kvinnelege slavane sine ei mi-ra-ti-ja, mykensk gresk for «kvinne frå Miletos», skrive med linear B-skrift.Palaeolexicon, Word study tool of ancient languages
Under samanbrotet i bronsealderen blei Miletos brunne ned igjen, denne gongen truleg av havfolka.
Den mørke tidsalderen Mytografer fortel at Neleos, ein son av den siste kongen i Athen Kodros, hadde kome til Miletos etter at «heraklidane attervende». Jonarane drap mennene frå Miletos og gifta seg med enkjene deira. Dette er den mytiske byrjinga på den langvarige alliansen mellom Athen og Miletos, som kom til å spela ei viktig rolle i dei påfølgjande persarkrigene.
Arkaisk tid mini|Kart over Miletos og andre byar innanfor det lydiske riket. mini|Gravløve av marmor, slutten av 500- eller byrjinga av 400-talet f.Kr. Frå nekropolis i Miletos. Ifølgje Herodot var Miletos ein av dei tolv joniske byane langs kysten av Anatolia som gjekk med i det joniske forbundet: Miletos, Myus og Priene i Karia som alle snakka same dialekt; Efesos, Kolofon, Lebedos, Teos, Klazomenai og Fokaia, som låg i Lydia og den regionen som i dag blir kalla for Jonia der dei snakka ein annan dialekt; øya Khíosar og byen Erythrai på fastlandet som snakka same dialekt; og øya Samos, der dei snakka ein eigen dialekt.Herodot: Historie, 1.142