Olsenbanden er ein norsk filmserie på totalt 14 filmar som handlar om dei tre kjeltringane Egon Olsen, Benny Fransen og Kjell Jensen. Filmane er komediar og skildrar banden sine mange feilslåtte forsøk på kupp.

Dei 13 fyrste filmane vart produsert av det private produsjonsselskapet Teamfilm AS, medan den siste filmen vart produsert av Nordisk Film og TV2 Norge. Knut Bohwim regisserte tolv av filmane, medan Ove Kant og Knut Andersen regisserte høvesvis Olsenbanden og Dynamitt-Harry og Olsenbandens siste bedrifter.

Den fyrste filmen, Olsenbanden - Operasjon Egon, var av ein meir erotisk karakter enn filmane som kom seinare i filmserien, og fekk difor óg ei høgare aldersgrense. På tross av dette vart filmen ein suksess blant publikum, og den vart sett av 523 000 nordmenn på kino. Filmen er basert på den danske originalversjonen Olsen-Banden frå 1968, og baserar seg på manusskriptet av Erik Balling og Henning Bahs.

Historie Knut Bohwim fekk sjå den danske originalfilmen Olsen-Banden gjennom ein bekjent som jobba i distributøren av Nordisk Film sine norske filmar. Etter å ha sett den danske filmen meinte Bohwim at den ikkje ville slå ann i Noreg utan at ein spelte den inn på nytt, med norske skodespelarar. Bohwim og Teamfilm tok difor kontakt med Nordisk Film og fekk ein avtale der dei kunne laga ei nyinnspeling med norske skodespelarar.

Innspelinga av Olsenbanden - Operasjon Egon byrja i midten av mai 1969 og filmen hadde premiere berre tre månader seinare, i august.

Filmar ÅrRegissørManusforfattarProdusentBasert påAntal besøkande på kinoBudsjett1969Olsenbanden - Operasjon EgonKnut BohwimTeamfilm523 000385 000 NOK3 200 000 NOK1970Olsenbanden og Dynamitt-HarryOve Kant1972Olsenbanden tar gullKnut Bohwim1973Olsenbanden og Dynamitt-Harry går amok1974Olsenbanden møter Kongen & Knekten1975Olsenbandens siste bedrifterKnut Andersen1976Olsenbanden for full musikkKnut Bohwim1977Olsenbanden og Dynamitt-Harry på sporet1978Olsenbanden og Data-Harry sprenger verdensbanken271 7771979Olsenbanden og Dynamitt-Harry mot nye høyder303 8841981Olsenbanden gir seg aldri!243 7491982Olsenbandens aller siste kupp!1984... men Olsenbanden var ikke død!1999Olsenbandens siste stikkNordisk Film og TV2 Norge324 46717 085 000 NOK

Karakterar i filmane Liste over alle karakterane som har tre eller fleire framsyningar i filmserien. Film1 Operasjon Egon2 og Dynamitt-Harry3 tar gull4 og Dynamitt-Harry går amok5 møter Kongen & Knekten6 siste bedrifter7 for full musikk8 og Dynamitt-Harry på sport9 og Data-Harry sprenger verdensbanken10 og Dynamitt-Harry mot nye høyder11 gir seg aldri!12 aller siste kupp!13 ... men Olsenbanden var ikke død!14 siste stikkEgon OlsenArve OpsahlBenny HansenSverre HolmKjell JensenCarsten ByhringValborg JensenAud SchønemannDynamitt-HarryHarald Heide-Steen jr.Harald Heide-Steen jr.Harald Heide-Steen jr.Harald Heide-Steen jr.Basse JensenPål JohannessenPål JohannessenKriminalbetjent HermansenSverre WilbergSverre WilbergKriminalassistent HolmØivind BlunckAnders HatloKonstabel BlomOddbjørn HesjevollUlf WengårdUlf WengårdBiffenTorgils MoeOve Verner HansenOve Verner HansenOve Verner HansenKongenHenki KolstadHenki KolstadHenki KolstadKriminalsjefGeorg RichterWilfred BreistrandWilfred Breistrand

Kjelder

Kategori:Norske filmar Kategori:Filmseriar