Jalawla (arabisk جلولاء, òg kalla Gulala, eller stundom feilaktig Jalula) er ein by i Diyala guvernement i Irak. Han ligg ved breidda av elva Diyala 8 km nord for Al-Sadiyah.
I 2017 var det estimert at byen hadde 80 000 innbyggjarar.
Slaget ved Jalula fann stad i byen mellom Sasanideriket og Rashidun-kalifatet kort tid etter erobringa av Ktesifon. Historikaren Ibn al-Athir skreiv at dei persiske tapa i Jalawla nådde 100 000 mann og at dei døde mennene har «Jellat» (fylt grunnen) slik at området vart kjend som Jalawla.
Frå august til november 2014 vart byen i hovudsak kontrollert av Den islamske staten i Irak og Syria og lokale arabiske stammer som erobra byen frå irakiske styrkar.http://www.dailystar.com.lb/News/Middle-East/2014/Aug-11/266784-isis-drives-kurds-out-of-jalawla-in-iraq.ashx#axzz3JvZ2ewpW
23. november 2014 atterobra den kurdiske Peshmerga heile byen att.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Jalawla» frå , den 27. februar 2021. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Busetnader i Diyala guvernement