Al-Kūt (arabisk الكوت, òg skrive Kut al-Imara eller Kut El Amara; kurdisk Kût; tyrkisk Kut'ül Ammare eller Kut) er ein by aust i Irak, på venstrebreidda av Tigris, kring 160 km søraust for Bagdad. I 2003 var folketalet estimert å vere kring 374 000 innbyggjarar. Han er hovudstad i guvernementet som lenge heitte Al Kut, men som sidan 1960-åra har hatt namnet Wasit.

Gamlebyen i Kut ligg i ein skarp U-sving i elva, slik at det nesten er ei øy. I fleire hundreår var Kut eit regionssenter for teppehandel. Området kring Kut vert nytta til korndyrking.

Kutdammen vart bygt i byen i 1930-åra for å gje vatn til det kringliggande området.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kut» frå , den 28. februar 2021. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Busetnader i Wasit guvernement Kategori:Distriktshovudstader i Irak Kategori:Byar i Irak