Nasjonale og Kapodistrias Universitet i Athen, vanlegvis omtalt som berre Universitetet i Athen, er eit gresk universitet som har vore i gang sidan det blei skipa i 1837. Det er den eldste institusjonen for høgare undervising i den moderne staten Hellas.
I dag er universitet den neste største institusjonen for høgare utdanning i Hellas; berre Aristotelesuniversitet i Thessaloniki er større, med over 50 000 studentar. Hovudområdet til universitetet ligg i Ilissia, der fakulteta for vitskap, teologi og filosofi held til. I Goudi finn ein fakultetet for helsevitskap og medisin. Dafni husar undervising i fag som idrett og idrettsvitskap. Fakulteta for mediefag, økonomi, jus og allmenn administrasjon ligg i bygningane i sentrale Aten. Det historiske administrasjonsbygget ligg òg der, i gata Panepistimiou som har namn etter universitet.
Historie Nasjonale og Kapodistrias Universitet i Athen blei grunnlagt den 3. mai 1837 og blei då mellombels husa i bygningar teikna av arkitektane Stamatios Kleanthis og Eduard Schaubert. Desse lokala låg ved foten av den nordlege skråninga av Akropolis. Dette var det første universitetet ikkje berre i den nyleg etablerte greske staten, men på heile Balkan og den austlege delen av Middelhavet.Helt korrekt ble Det joniske akademi etablert som et universitetlignende institusjon på Korfu i 1824 under britisk overherredømme og som kan utfordre kravet om å være det første gresk universitet
Før universitet blei omdøypt for å æra Ioannis Kapodistrias, den første statssjefen i det uavhengige, moderne Hellas, var læresteden kjend som Det ottonianske universitetet etter kong Otto og bestod av fire fakultet: teologi, jus, medisin og filosofi (som òg omfatta anvend forsking og matematikk). Det hadde 33 professorar, 52 studentar og 75 ikkjematrikulerte «revisorar». I november 1841 byrja undervisinga i ein ny bygning utforma av den danske arkitekten Christian Hansen. Bygningen Propylaea ( ) var designa av den yngre broren hans, Theophilus Hansen i 1859, men byggeprosjektet blei ikkje fullført før i 1885.Documentation of the Athens Academy public meeting hall (PDF)
I 1843 bytta universitetet namn til Det nasjonale universitetet. Dagens formelle namn, Nasjonale og Kapodistrias Universitet i Athen, blei vedteke i 1911 etter at forretningsmannen Ioannis Dombolis, som var ein ven av politikaren Ioannis Kapodistrias, skjenka ein stor pengesum til etableringa av eit universitet til ære for Kapodistrias.
På 1960-talet byrja bygginga av campusen til universitetet i forstaden Ilissia. På 2000-talet heldt skulane for filosofi, teologi og vitskap til i dette bygningskomplekset.
Fakultet og avdelingar høgre|mini|Propylaea, del av «Trilogien» til Theophilus Hansen, var ein gong hovudbygningen til universitetet og fungerer i dag hovudsakleg som seremonihall. høgre|mini|Fakultet for rettsvitskap. Bygningen blei opphavleg bygd i 1930, men ei andre avdeling blei lagt til på 1960-talet. Ei omfattande renovering byrja i 2002 og blei fullført i 2006.«Tο υπερσύγχρονο κτήριο της Nομικής Σχολής» (på gresk). Kapodistriako.uoa.gr. 2006
Universitet i Athen er delt inn i «skular» (engelsk schools) og fakultet (engelsk departments). På gresk har ein brukt begrepene «σχολές», «τμήματα» og «τομείς». Lista under bruker fagnemningar som ligg nærast dei tilsvarande nemningane på norske universitet.
Fakultet for agrikultur, ernæring og berekraft Avdeling for agrikultur, «agrofood» og forvaltning av naturressurser Teologisk fakultet Avdeling for religionssosiologi Avdeling for teologi Fakultetet for filosofi Avdeling for tysk språk og litteratur Avdeling for teatervitskap Avdeling for spansk språk og litteratur Avdeling for russisk språk og litteratur og slaviske studium Avdeling for psykologi Avdeling for filosofi, pedagogikk og psykologi Avdeling for filologi Avdeling for musikkvitskap Avdeling for italiensk språk og litteratur Avdeling for historie og arkeologi Avdeling for fransk språk og litteratur Avdeling for engelsk språk og litteratur Avdeling for filosofi Avdeling for pedagogikk Program for studium av det antikke Hellas sin arkeologi, historie og litteratur Fakultetet for samfunnsøkonomi og statsvitskap Avdeling for samfunnsøkonomi Avdeling for Tyrkia-vitenskap og moderne asiatiske studium Avdeling for kommunikasjon og mediefag Avdeling for statsvitskap og offentleg administrasjon Avdeling for sosiologi Avdeling for bediftsøkonomi Avdeling for havneforvaltning Avdeling for digital kunst og film Fakultetet for rettsvitenskap Fakultetet for rettsvitskap
Fakultetet for matematikk og naturvitskap Avdeling for fysikk Avdeling for biologi Avdeling for geologi og geomiljø Avdeling for kjemi Avdeling for matematikk Avdeling for informatikk og telekommunikasjon Undervisningsfakultetet Avdeling for småbarnspedagogikk Avdeling for grunnskoleundervisning Helsevitenskapelig fakultet Avdeling for medisin Avdeling for odontologi (tannlegevitskap) Avdeling for farmasi Avdeling for sjukepleie Uavhengige fakultet«Independent Faculties». uoa.gr. Fakultetet for kroppsøving og idrettsvitskap Fakultetet for grunnskolepedagogikk Fakultetet for barneskolepedagogikk Fakultetet for kommunikasjon og studium av massemedia Fakultetet for filosofi og vitskapshistorie
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Nasjonale og Kapodistrias Universitet i Athen» frå , den 7. mars 2021.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Universitet i Hellas Kategori:Aten