Terrorangrepet i London 7. juli 2005 var fleire bombeangrep retta mot kollektivtransportsystem i London i England. Tre undergrunnsbanar og ein buss vart ramma av bomber under morgonrushet 7. juli 2005.
Fire terrorister utløyste separat, men tett saman i tid, tre heimelaga homemade bomber på ulike undergrunnstog, medan ein fjerde utløyste ei bombe på ein dobbeltdekkarbuss ved Tavistock Square. Togbombene gjekk av i nærleiken av stasjonane Aldgate og Edgware Road Circle line, og ved Russell Square på Piccadilly line. I tillegg til dei fire sjølvmordsbombarane omkom 52 menneske i angrepa og over 700 blei skadde. Dette gjorde hendinga til det dødelegaste terroristangrepet i Storbritannia sidan Pan Am Flight 103 blei sprengt nær Lockerbie i Skottland i 1988, og det dødelegaste angrepet i England sidan andre verdskrigen. Det var det første islamistiske sjølvmordsangrepet i landet.
Angrepet kom dagen etter at London var vorte tildelt arrangementet av Sommar-OL 2012. Det fall òg saman med førebuingane til rettssaka mot Abu Hamza al-Masri, G8-toppmøtet i Skottland. I ei fråsegn påtok al-Qaida seg ansvaret for «det signa raidet» i London. I den offisielle rapporten frå det britiske innannriksdepartementet, Home Office, vart det ikkje trekt nokon klår konklusjon på spørsmålet om i kva grad utanlandske organisasjonar, som al-Qaida, stod bak, då ein ikkje hadde bevis som kunne avgjera dette.Report of the Official Account of the Bombings in London on 7 July 2005, henta 2007-01-21 (pdf) Videoar spelte inn av gjerningsmennene oppgav britisk innblanding i muslimske land som motivasjon for angrepet.
mini|Politiet ber folk om å forlata området ved Russell Square mini|Kart over kvar bombene small.
Den fyrste bomba gjekk av ved Aldgate undergrunnsstasjon. Det vart fyrst meldt om ein kollisjon mellom to tog på strekninga mellom Liverpool Street stasjon og Aldgate, og ein eksplosjon som følgde kollisjonen. Dei første rapportane melde om åtte alvorleg skadde og fjorten lettare skadde som fekk medisinsk handsaming. Seinare vart det meldt om over 100 skadde og to døyde.
Turistar vart bedne om å forlata området rundt Russell Square, der blant anna British Museum ligg. Militære styrker vart sett inn i området ved Covent Garden, som på denne tida av året er fullpakka av turistar. Kollektivsystemet i det sentrale London vart fullt stengd etter at det vart klårt at det var ramma av terrorhandlingar.
Mål Undergrunnsnettet har lenge vorte sett på som eit av dei mest sentrale terrormåla i London. Med fem millionar passasjerar, og fulle tog i rushtiden, er det både eit attraktivt mål i seg sjølv, og eit mål der det er lett for terroristar å blanda seg inn i folkemengda slik at det er mogleg å plassera eksplosivar.
På grunn av at undergrunnsbanen lenge hadde vore eit potensielt mål for Det provisoriske IRA og andre grupper hadde ein lenge arbeidd med å gjere passasjerar merksame på faresignal. Dei reisande har til dømes i mange år vorte oppfordra til ikkje å la bagasjen sin stå utan tilsyn på stasjonane og om å melde frå umiddelbart dersom ein såg slik bagasje. I 2004 vart det halde ei større antiterrorøving der politi, brannvesen, ambulansetenesta og andre var involverte, og undergrunnsbanen var eit av dei simulerte måla.
Gjerningsmenn Det var 4 menn som utførte terroraksjonen. Etterforsking gjort av britisk etterretning MI5 og MI6 kunne ikkje knyta dei til ein større terrororganisasjon. To av mennene hadde spelt inn videoar før åtaket. I ein av videoane, kringkasta av Al Jazeera den 1. september 2005, fortalde gjerningsmannen Mohammad Sidique Khan om motivasjonen. Han nemnde mellom anna al-Qaeda-medlemmene Osama Bin Laden, Ayman al-Zawahiri og Abu Musab al-Zarqawi som heltar.London bomber: Text in full, BBC, 1. september 2005. Henta 14. oktober 2010.
6. juli 2006 sende Al-Jazeera eit videoopptak av gjerningsmannen Shehzad Tanweer, som mellom anna sa:
To veker etter angrepet, den 21. juli 2005, forsøkte fire andre personar med islamismetilknyting å råka kollektivtransportsystemet i London med nye bombeåtak. Dette åtaket førte ikkje til store skader, og gjerningsmennenen blei fengsla.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Terrorangrepet i London 7. juli 2005» frå , den 9. mars 2021.
Denne artikkelen bygger på «7 July 2005 London bombings» frå , den 10. mars 2021.
Kategori:2005 i Storbritannia Kategori:Hendingar i 2005