Alf Kaartvedt () var ein norsk historikar. Han var spesialist i norsk politisk historie frå siste halvdel av 1800-talet og fram til første verdskrigen.
Studietida hans vart avbroten då den tyske okkupasjonsmakta stengde Universitetet i Oslo, men han tok dei opp att etter 1945. Ved universitet var det professor Sverre Steen som tente som den største inspirasjonskjelda og viktigaste rettleiaren for Kaartvedt. Studiane vart etterfulgt av nokre år der han var oppdragshistorikar. Etter å ha teke den filosofiske doktorgraden på ei avhandling om kampen mot parlamentarismen i Noreg i tida før 1884, vart Kaartvedt i 1957 den første professoren i historie ved Universitetet i Bergen, saman med Knut Mykland. Han var deretter sentral i oppbygginga av Historisk institutt.
Allereie tidleg i professorkarrieren markerte han seg som ein av Noregs fremste historikarar.
Kaartvedt gjekk av med pensjon i 1988, men vart verande ein travel professor emeritus fram til 1995, då han etter bidraga til bind 1 av Norsk utenrikspolitikks historie avslutta den aktive historikarkarriera si. Seinare publiserte han berre nokre mindre artiklar
Bibliografi
Narve Bjørgo, Øystein Rian og Alf Kaartvedt Selvstendighet og union : fra middelalderen til 1905 1995 ISBN 82-00-22393-0
Referansar
Denne artikkelen bygger på «Alf Kaartvedt» frå , den 21. mars 2021.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Folk frå Bergen Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi Kategori:Professorar ved Universitetet i Bergen Kategori:Norske historieprofessorar