Go_A er eit ukrainsk folk-elektronikaband som består av vokalisten Kateryna Pavlenko, multiinstrumentalisten Taras Sjevtsjenko, gitaristen Ivan Hryhorjak og Ihor Didentjuk på blåseinstrument. I februar 2020 vann Go_A den ukrainske songtevlinga Vidbir med songen «Solovej». Med sigeren skulle Go_A ha representert Ukraina i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men på grunn av koronavirusutbrotet i 2020 vart tevlinga avlyst. I staden vedtok kringkastaren UA:PBC at Go_A skal representere Ukraina i Eurovision Song Contest 2021 med songen «Sjum».

Bakgrunn Go_A vart skipa i slutten av 2012. Namnet Go_A spelar på det å gå attende til røtene eller start: «go» i tydinga å gå, medan A er den fyrste bokstaven i alfabetet.

Go_A kombinerer folkemusikk med moderne musikksjangrar, som dance og elektronika, ein kombinasjon som har vorte populær i Ukraina. Bandet har opptredd i ei rekkje musikkfestivalar rundt om i landet, og bandet fekk ei hit med låten «Vesnjanka» som låg på den slovakiske hitlista for dance-låtar i seks veker. I 2016 gav bandet ut debutplata #Idinazvuk.

Gruppa var relativt ukjend i Ukraina fram til 2020, då Go_A vann den ukrainske songtevlinga Vidbir i regi av tv-kanalane STB og UA:PBC. Gruppa deltok med songen «Solovej» (nattergal) og vann både jury- og telefonavrøystina. Med sigeren skulle Go_A representert Ukraina i Eurovision Song Contest i Rotterdam i mai 2020. På grunn av koronaviruspandemien såg EBU seg nøydd til å avlyse Eurovision Song Contest for å hindre spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19. Go_A skulle i staden deltake i Eurovision Song Contest 2021, men med ein annan song. I februar 2021 vart det kunngjort at gruppa skulle delta med songen «Sjum» ('støy').

Besetning

Kateryna Pavlenko – vokal Taras Sjevtsjenko – diverse instrument Ivan Hryhorjak – gitar Ihor Didentsjuk – det ukrainske fløyteinstrumentet sopilka og andre blåseinstrument

Diskografi

Album TittelDetaljar#Idinazvuk Utgjeve: 7. desember 2016 Format: Digital nedlastning Merke: Moon Records

Singlar TittelÅrAlbum«Sjtsjedryj vetsjir»2017 rowspan="4" «Rano-ranenko»2019«Solovej»2020«Sjum»2021

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Go_A» frå , den 25. mars 2021.

Kategori:Ukrainske musikkgrupper Kategori:Ukrainske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2020-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2021-deltakarar