Færøyane (tyder «saueøyane») er ei øygruppe som ligg nord for Skottland. Øyane var tidlegare ein del av Noregsveldet, men har sidan 1814 vore ein del av Kongeriket Danmark. Færøyane vart likevel allereie i 1709 administrativt lagt til Sjælland stift. Sidan 1948 har øyane hatt indre sjølvstende, med to representantar i det danske Folketinget. Administrativt er Færøyane delt opp i seks syslar og 29 kommunar. Færøyane er ikkje medlem av EU, trass i at Danmark er det.
Færøyane har 18 øyar av vulkansk opphav. Øygruppa har 54 000 innbyggjarar, der 20 000 av desse bur i hovudstaden Tórshavn, kalla opp etter den norrøne guden Tor. mini|Eit historisk kart over Færøyane frå 1673
Historie Irske munkar buset seg på Færøyane Då Færøyane for fyrste gong vart gjesta av vikingane i 795 trefte dei munkar frå Irland, som levde som einebuarar på øyane. Desse munkane fann ikkje noko urfolk som dei kunne omvenda. Dei brukte tida med å driva saueavl og plantedyrking (mellom anna dyrka dei havre). Ein trur at dei irske munkane kom omkring år 625. Truleg flytte munkane vidare til Island i tida rundt då nordmennene kom til øyane.
Norsk kolonisering Øyane vart koloniserte av nordmenn på 800-talet, og ein meiner at dei fyrste busetjarane kom i tida etter år 825. Desse var hovudsakleg vikingar frå Noreg, i tillegg til skottar og irar.
For å oppretthalda lov og orden vart Alltinget skipa i år 900 etter mønster frå dei norske tinga på denne tida, som Frostatinget. Alltinget er med det noverande namnet sitt Lagtinget den eldste lovgjevande forsamlinga i verda, eldre enn det islandske Alltinget òg. Alltinget vart samla om sumaren på halvøya Tinganes ved Tórshavn. Den sentrale plasseringa til staden og øya Nólsoy som vernar staden mot dei verste stormane frå aust, var avgjerande for plasseringa åt tinget. Tingane til Alltinget vart leidde av ein lagmann. På alltingsmøta tok ein seg av sakene til landet, vedtok lover og mekla ved stridar og sameinte dimed både den utøvande, den lovgjevande og den dømande makta. At alle frie menn var like for lova, var eit viktig prinsipp.
Ein meiner at det var lokale ting i kvar av dei seks regionane: Suðuroy, Sandoy, Vágar, Streymoy, Eysturoy og Norðoyar.
Kristendomen blir innført I 999 går Sigmundur Brestisson til åtak. Han var ein vikinghovding som kom på kongebod for å kynna læra om Hvíta Krist, og med våpenmakt skal færøyingane verta tvinga til å gå over til kristendomen. Med 30 menn møtte hovdingen Tróndur i Gøta i Lagtinget på Tinganes, men Tróndur og resten av færøyingane i forsamlinga avviser den nye læra, fordi dei såg på kristendomen som Sigmundur si orsaking for å ta makta over øyane. Sigmundur vel då ein annan metode i misjonsarbeidet sitt. Om natta siglar han med mannskapet sitt til Gøta og inn på Tróndur sin gard, der han heiv Tróndur ut av senga og gav han valet mellom å vedkjenna seg til den kristne trua eller å verta halshoggen.
Tróndur var pragmatisk og valde det fyrste, men ifylgje Færøyingesagaen svor Tróndur hemn i 1005, og samla seinare mennene sine i ein nattleg aksjon ved å åtaka Sigmundur på Skúvoy, der dei tok Sigmundur på senga. Sigmundur, fylgjesveinen hans og fetter Tóri Beinirsson sprang i havet saman med Einar på Suðuroy. Symjeturen deira er legendarisk og mellom anna skildra i kvadet Sigmundarkvæði yngra (Det yngre kvedet om Sigmundur), som kvart einaste skulebarn på Færøyane kjenner.) Medan Tóri og Einar døydde på symjeturen, greidde Sigmundur å koma fram til Sandvík på Suðuroy, der han vart drepen av bonden Torgrímur Illi, som var ein av mennene hans Tróndur.
Færøyane vert norsk len Heilag-Olav oppmoda nokre viktige menn frå Færøyane, lagmann Gille, Tórolvur Sigmundsson og Leivur Øssursson, om å koma til Noreg for å verta hirdmennene hans i 1024. Men så lenge Tróndur i Gøta levde, klarte ikkje Heilag-Olav å få full kontroll over Færøyane. Etter at Tróndur i Gøta døyr i 1035 tek Leivur Øssurson Færøyane i len for den norske kongen Magnus den Gode same året. Dette markerer slutten på både vikingtida på Færøyane og på sjølvstendet til Færøyane. Færøyane vart eit norsk skattland fram til 1523 då det vart teke over av danskane.
left|mini|Fårebrevet frå 1298 Færøyane bispedømme vart skipa i 1111 under erkebispen i Nidaros og med Kirkjubøur som sete. Her skreiv Biskop Erlendur i 1298 det eldste kjende dokumentet på Færøyane, Sauebrevet. Han byrja òg på Magnuskatedralen i Kirkjubøur, som i dag er ein kyrkjeruin.
Kong Sverre vart fødd i Kyrkjubøur på Færøyane i 1151. Han må ha vore spesielt evnerik, for biskop Roe på Færøyane sette han i prestelære. Som vaksen skal Sverre ha fått høyra av mor si at han var son av kong Sigurd Munn. Om dette stemde eller ikkje, er uvisst, i alle høve gav det legitimitet til eit meir storstilt prosjekt enn ein karriere i kyrkja. Sverre tok kontakt med den leiande opprørsflokken i landet, Birkebeinarane, som stod utan hovding etter at Øystein Møyla hadde falle i slaget på Re. Dei tok Sverre til hovding, og han viste seg snøgt som ein taktisk dyktig hærførar. I løpet av kort tid greidde han å få seg sjølv hylla som konge på Øyratinget, men det tok fleire år før kongsmakta var endeleg sikra.
1274 tredde den Yngre gulatingslova i kraft. Lagmannen, som til no hadde vore folkevald, vart frå no av kongeleg embetsmann. Alltinget vart omdanna til eit lagting, som berre hadde rett til å døma og ikkje utforma lover.
Færøyane vert mindre viktig for Noreg Håkon V Magnusson flytte hovudstadsfunksjonane frå Bergen til Akershus festning i 1299 og retta dei utanrikspolitiske linene austover, noko som gjekk imot den tidlegare utanrikspolitiske retninga som kongemakta hadde fylgd, med sterk satsing på dei nordatlantiske områda i vest for å halda på og sikra Noregsveldet. Noreg miste kontakten vestover med dei engelske øyane, og endå viktigare, med Færøyane og Island.
Kalmarunionen I 1380 gjekk Noreg saman med koloniane sine, Færøyane, Orknøyane, Hjaltland, Island og Grønland, inn i ein union med Danmark. 17 år seinare, i 1397, vart Kalmarunionen danna, med Sverige òg. Kalmarunionen var ein personalunion der landa hadde sams konge. Samtidig var der eit norsk riksråd som ved kongevala frå 1380 til reformasjonen i 1536 i prinsippet kunne ha valt ein annan konge enn den ein hadde i Danmark. Etter reformasjonen vart det norske riksrådet nedlagt og Noreg og koloniane til landet lagt under Danmark.
Reformasjon og monopolhandel Reformasjonen kom til Færøyane i 1538, to år etter Danmark. Øyane vart eit prosti under biskopen i Bergen. Kongen overtok 2/3 av jorda. Bispesetet og prestestolen i Kyrkjubøur vart nedlagde, og i 1547 vart latinskolen skipa. Byrjinga av reformasjonen markerer starten på perioden til det danske språket, då dansk vart innført som kyrkje- og amtsspråk. Perioden varte til midten av 1800-talet.
I 1579 fekk den færøyske sjøhelten Magnus Heinason handelsmonopol på all handel til og frå Færøyane og han oppførte festinga Skansin i Tórshavn som eit vern mot sjørøvarar. Magnus Heinason miste handelsmonopolet etter fire år, etter skuldingar om svindel og dårlege varer. 18. januar 1589 vart Heinason dømd til døden ved avretting for sjørøveri i København til føremon for Nederland, men vart etter døden sin frifunnen for skuldingane.
København overtok handelsmonopolet frå Bergen i 1619, og i 1620 kom den færøyske kyrkja under biskopen på Sjælland.
mini|Tjeld (Tjaldur på færøysk) vart nasjonalfuglen åt øyane etter at Nólsoyar Páll dikta "Fuglakvæði". Sidan 1943 har Tjeldens dag vorten feira 12. mars, etter initiativ frå S. Patursson. (Færøysk frimerke frå 1977). Gabeltida er omtala som den mørkaste perioden i historia åt Færøyane. Ho vara frå 1655, då Christoffer Gabel vart lensherre på Færøyane, til 1709 då sonen Frederik Gabel døydde. I 1662 fekk Gabel òg handelsmonopolet og Færøyane vart nærmast styrt som ein privat koloni.
Presten Lucas Debes var ein av dei største motstandarane til Gabel, og han reiste med ein færøysk delegasjon til København i 1673, der han fortalde kongen om Gabels vilkår. Då ein kongeleg kommisjon kom fram til Færøyane same året, vart Tinganes råka av ein brann der dei fleste handelsbygningane og dokumenta gjekk med. Nokon hevda på den tida at mennene til Gabel stod bak brannen.
I 1709 overtok den danske staten handelsmonopolet, eit monopol som vara til 1856.
Nólsoyar Páll var motstandar av handelsmonopolet og kjempa for frihandel og sjølvstende for Færøyane. Fuglakvæði hans er ei vise der tjelden symboliserer han sjølv, og dimed den frie færøyingen òg. I 1804 bygde han saman med Royndin Fríða Færøyane sitt fyrste sjølvåtte skip sidan Magnus Heinasons tid. Skipet hans kom godt med då Færøyane i 1807 var truga av hungersnaud under krigen mellom Danmark og England. Nólsoyar Páll sette inn skipet sitt for å skaffa korn til øyfolket. Han omkom i eit forlis vinteren 1808/1809 og er no nasjonal-helten åt Færøyane.
Del av Danmark etter Kielfreden mini|Lagtingshuset (1906). I bakgrunnen det noverande danske riksombudsmannens hus Ved Kielfreden i 1814 miste Danmark Noreg til Sverige, medan Færøyane, Island og Grønland vart att i det danske riket.
I 1816 vart det færøyske Lagtinget nedlagt etter ordre frå den danske kongen Fredrik VI etter å ha eksistert i 900 år. Færøyane vert eit dansk amt styrt av fire danske embetsmenn, og all færøysk innverknad på landets styring vert fjerna. Den dømmande funksjonen kom under sorenskrivaren, som einaste domar i alle rettssaker.
Færøyingane ynskte å få gjenoppretta Lagtinget, men dette vart avslege av Stænderforsamlinga i Roskilde i 1844 og 1846.
26. mars 1852 underskreiv Fredrik VII lova om gjenopprettinga av Lagtinget. Lagtinget skal fungera som eit amtsråd og fekk berre rådgjevande styremakt i færøyske saker. Det einaste Lagtinget fekk råderett over, var midlane til kyrkja. Lova om gjenopprettinga av Lagtinget kom i kraft to år seinare, i 1854, men det fyrste Lagtinget vart samla alt i 1852 etter lagtingsvalet den 30. juni.
Nasjonal vekking mini|left|Frimerke med den opphavlege notisen i avisa om julemøtet i 1888 mini|Flaggskandalen på Ólavsøkan 1930 Frå midten av 1800-talet auka det nasjonale medvitet gradvis på Færøyane, og eit uttrykk for det er arbeidet med å skapa eit færøysk skriftspråk. Ein færøysk skriftnormal vart kodifisert i 1846 av Venceslaus Ulricus Hammershaimb med tekstsamlinga "Færøiske Trylleformularer". Ein normativ færøysk grammatikk kom med "Færøsk Sproglære" i "Annaler for nordisk Oldkyndighed" i 1854, og den endelege skriftnormalen kom i samlinga "Færøsk anthologi" 1891. Hammershaimb valde ein normeringsmåte som likna mykje på den Ivar Aasen nytta for nynorsk: Han samla inn materiale frå ulike dialektar, samanlikna deretter dialektane med kvarandre, med norrønt og med andre nordiske språk, og konstruerte til slutt ei skriftnorm ut frå denne samanlikninga. Hammershaimb gjekk likevel meir etymologisk til verks enn Aasen. Jakob Jakobsen kom i 1889 med kritikk av Hammershaimbs rettskriving. Med Jakobsen som drivkraft vedtok Føringafelag i 1895 ei meir ortofon rettskriving, broyting, men den vekte motstand, særleg frå Jóannes Patursson, og utover på 1900-talet var det berre Jakobsen som nytta denne. Ei modifisert form av Hammershaimbs rettskriving vann fram.
Den organisatoriske utviklinga av færøysk nasjonalisme tok til i 1870-åra, då det voks fram eit færøysk studentmiljø i København, eit miljø som gjennom skipinga av Føroyingafelag i 1881 var med og danna oppfatninga åt fleire framståande personar i færøysk samfunnsliv.