Historisk og geografisk har Iran vore delt inn i ei rekkje forskjellige regionar.In general see I 2014 vart Iran administrativt delt inn i fem regionar.

mini|Kart over provinsar i Iran, 1937-1960

I 1937 vart Iran delt inn i ti administrative regionar, enkelt kalla Region 1 til Region 10. Til dømes var Region 7 det same området som Fars dekkjer i dag.

Dei 31 provinsane i Iran vart av innanriksdepartementet delte inn i fem regionar den 22. juni 2014. Under inndelinga vart det teke omsyn til plassering og likskapar mellom provinsane.

Den iranske grunnlova omfattar ikkje regionar og dei er ikkje grunnleggjande eininga i landet, men eksisterer berre for å gjere den statlege administrasjonen enklare.

Regionar i Iran i dag + center|400pxRegionHovudstadProvinsarFolketalAreal Region 1 Teheran Alborz-provinsen Golestan Mazandaran Qazvin-provinsen Qom-provinsen Semnan-provinsen Teheran-provinsen 23 343 033 193 109 Region 2 Isfahan Bushehr-provinsen Chahar Mahaal og Bakhtiari Fars Hormozgan Isfahan-provinsen Kohkiluyeh og Buyer Ahmad 12 973 089 354 885 Region 3 Tabriz Ardabil-provinsen Aust-Aserbajdsjan Gilan Kurdistan-provinsen Vest-Aserbajdsjan Zanjan-provinsen 12 782 820 165 839 Region 4 Kermanshah Hamadan-provinsen Ilam-provinsen Kermanshah-provinsen Khuzestan Luristan Markazi 11 739 552 185 978 Region 5 Mashhad Kerman-provinsen Nord-Khorasan Razavi-Khorasan Sistan og Balutsjistan Sør-Khorasan Yazd-provinsen 13 145 227 734 576

Historiske og geografiske regionar Historiar, reisebøker og økonomiske analysar refererer ofte til mindre formelle, meir historiske eller geografiske regionar i Iran. Grensene er ofte ikkje fastsette og har ofte endra seg over tid, eller overlappa kvarandre. Alamut - i Alborzfjella i Nord-Iran. Abadeh - området til Qashqai-folket og deira Abadeh-teppe, nord i Fars kring Abadeh fylke og inkluderer vanlegvis delar av den sørlege Isfahan-provinsen, og vert nytta både etnografisk og geografisk. Sentral-Iran: Kjend som Iraq-i Ajam (Persisk Irak) Balutsjistan (Søraust-Iran) - stundom berre Sistan og Balutsjistan og stundom heile Balutsjistan. Kaspiske Iran (Nord-Iran, Tabaristan eller «Mardi og Hyrkania») - Gilan, Mazandaran og Golestan, og historisk sett stundom nordlege Semnan. Iransk Aserbajdsjan - tilsvarar omtrent dagens Region 3, men ofte utan Kurdistan-provinsen og ofte utan den kaspiske provinsen Gilan. Iransk Kurdistan - omfattar Kurdistan-provinsen, Kermanshah-provinsen og delar av Ilam-provinsen og Vest-Aserbajdsjan. Khorasan - består av Nord-Khorasan, Razavi-Khorasan, Sør-Khorasan, og stundom austlege delar av Semnan-provinsen. Quhistan - Sør-Khorasan. Persiabukt-Iran (delar av Iran som støyter til Persiabukta med Sør-Iran) - Fars, Kohgiluyeh og Buyer Ahmad, Hormozgan og Bushehr. Søraust-Iran (Karmania) - hovudsakleg Kerman-provinsen, men strekkjer seg ofte til kysten. Vest-Iran (Khuzestan, Elam) - fødestaden til Iran, tilsvarar omtrent Region 4 (Hamadan-provinsen, Ilam-provinsen, Kermanshah-provinsen, Khuzestan, Luristan, Markazi), men ofte med heile eller delar av Qazvin-provinsen, Kurdistan-provinsen, Chahar Mahaal og Bakhtiari og Kohkiluyeh og Buyer Ahmad;

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Regions of Iran» frå , den 4. april 2021. oppgav desse kjeldene:

Provinsar i Iran Kategori:Regionar i Iran Kategori:Undernasjonale område i Iran Iran 1