Det norske herrelandslaget i fotball vert leia av den tidlegare fotballspelaren Ståle Solbakken.
Åge Hareide trekte seg som landslagstrenar 8. desember 2008, etter å ha leia laget sidan han tok over etter trenarlaget til Nils Johan Semb i 2004. Dei fremste merittane er deltakinga i VM-sluttspela i 1938, 1994 og 1998, i tillegg til Europameisterskapen i 2000 – og Bronselaget frå 1936. Av dei mest kjende enkeltkampane er sigeren over Brasil i 1998-VM og sigrane over England i VM-kvalifiseringskampane i 1981 og 1993.
Historie
Fotballen kom til Noreg frå Storbritannia på 1880-talet, og vart raskt ein populær sport både blant dei aktive og publikum. Den første fotballklubben i Noreg, Christiania Footballclub vart stifta i 1885. Fleire klubbar kom til, og det oppstod etterkvart eit behov for å få organisert fotballen i Noreg. På initiativ frå Ski- og Fotballklubben Lyn vart Norsk Fodboldforbund stifta i 1902. Same år fekk NFF ansvaret for å organisere Noregsmeisterskapen i fotball, og i 1908 fekk NFF invitasjon frå det svensken fotballforbundet om å spele ein landskamp. I høve NFFs 100 årsjubileum i 2002 opna Fotballmuseet på Ullevaal Stadion. Her kan ein oppleve norsk fotball si historie og gjenoppleve dei store augneblunkane.
1910-talet: Den spede byrjinga mini|Det norske landslaget under sommar-OL 1912 i Stockholm. Sjå òg norske landskampar 1908–1915 og norske landskampar 1915–1920
Noregs første landskampen vart spelt 12. juli 1908. spelte òg den første landskampen sin nokosinne denne julidagen i Göteborg. Ni av spelarane på det norske laget kom frå Oslo-klubben Mercantile, som hadde vorte noregsmeistrar året før.
Den historiske kampen byrja veldig bra for det norske laget. Minotti Bøhn sette inn dei første måla til kampen rett frå avspark, utan at nokre av dei svenske spelarane hadde vore borti ballen. Deretter gjekk det dårlegare. Det hjelpte lite at Bøhn sette inn endå eit mål, og at Hans Endrerud òg teikna seg på scoringslista. Då kampen var over hadde svenskane vunne 11-3.
Det gjekk to år til neste gong eit norsk landslag vart sett saman. Òg denne gongen var det svenskane som var motstandar, og denne gongen vart kampen spelt på Gamle Frogner i Kristiania. Det var derimot svenskane som vann denne gongen òg, 4-0 vart sluttresultatet. Tormod Kjeldsen frå Larvik Turn debuterte i denne kampen, 15 år og 11 månader gammal, og er enno tideneS yngste med det norske flagget på brystet.– Eg er veldig overraska To strake tap vart det òg i 1912, då Noreg deltok i OL i Stockholm. Motstandarar var og Austerrike.
I det heile teke er perioden mellom 1908 og 1917 eit sørgjeleg kapittel i norsk landslagshistorie. I denne perioden vann ikkje Noreg ein einaste kamp, og botnen vart nådd 7. oktober 1917 då Noreg tapte heile 12-0 for Danmark – det største tapet til Noreg nokosinne.
1920-talet: Teikn til betring mini|Det norske landslaget i 1921. Sjå òg norske landskampar 1920–1925 og norske landskampar 1925–1930
Våren 1918 kom svenske Birger Möller til Kristiania, og tok fatt på den nye jobben sin som norsk landslagstrenar. Det blir sagt at Möller var ein god inspirator, og brukte mykje tid på samspel, teknikk og terping på detaljar. Dette skulle snart gje resultat. Etter å ha spelt 27 kampar utan ein einaste siger, kom vendepunktet for det norske landslaget 16. juni 1918. Berre eit drygt halvår etter fadesen i København tok Noreg sin aller første siger då dei vann 3-1 over Danmark. Nokre månader seinare vart det òg siger over Sverige, og året etter vart svenskane feia av banen med 5-1 i Göteborg – Noregs første bortesiger.
Den største største stjerna til Noreg i denne perioden var Odd-spissen Einar «Jeja» Gundersen, som skåra til saman 26 landslagsmål mellom 1917 og 1928. Andre profilar var lagkaptein Gunnar Andersen (Lyn), Per Skou (Lyn og Odd) og Asbjørn Halvorsen (Sarpsborg). Desse spelarane utgjorde stamma i det norske laget som deltok i OL i Antwerpen i 1920, der Noreg tok sin til no største skalp. Få hadde rekna at Noreg hadde noko sjanse i opningskampen mot . Rett nok var det engelske laget eit amatørlag, men dei vart uansett rekna som store favorittar – ikkje berre til å slå Noreg, men til å vinne heile turneringa. Det blir sagt at Gunnar Andersen var den første som viste at engelskmennene slett ikkje var overmenneske, ved å drible av opptil tre-fire engelskmenn om gongen. Sjølvtilliten smitta over på dei andre norske spelarane, og då kampen var over hadde Noreg vunne 3-1 etter to scoringar av «Jeja» Gundersen og eitt mål av Einar Wilhelms. Som løn for den sensasjonelle sigeren fekk Noreg møte i neste runde. Den kampen tapte Noreg 4-0. Noreg tok nokre fleire skalper i åra som følgde. Dei vann 2-0 over i Paris i 1923, og tok òg nokre fleire sigrar mot svenskane. På siste halvdelen av 1920-talet var derimot landslaget tilbake i kvardagen. Mellom 1924 og 1928 vann Noreg berre fire landskampar – samtlege mot .
I 1929 og på byrjinga av 1930-talet byrja den svake trenden igjen å snu, mykje takka vere keeper Henry «Tippen» Johansen og målkongen Jørgen Juve, som begge nokre år seinare skulle bli med på det som kanskje den dagen i dag enno er dei største augneblunkane i norsk landslagsfotball. 23. juni 1929 vart det siger med 5-2 over Danmark i København – Noregs første bortesiger over Danmark.
1930-talet: Bronsealderen Sjå òg norske landskampar 1930–1935 og norske landskampar 1935–1940
I 1933 debuterte Reidar Kvammen på det norske landslaget. To år seinare fekk Arne Brustad debuten sin, og i 1934 returnerte den tidlegare landslagsspelaren Asbjørn Halvorsen til Noreg etter tolv år i tysk fotball. Desse hendingane markerer byrjinga på «bronsealderen» i norsk fotball.
Då Halvorsen returnerte frå Tysklandsopphaldet sitt vart han tilsett som generalsekretær i NFF. Han vart dermed formann i landslaget sin uttakskomité, og fungerte òg som landslagstrenar. På denne tida hadde landslagstrenaren berre ansvar for å trene spelarane, medan alt som hadde med laguttak vart gjort av uttakskomitéen. Den kombinerte rolla gjorde derimot at Halvorsen vart Noregs første «moderne» landslagssjef.
Sjølv om Noreg hadde hatt ganske gode resultat i åra før Berlin-OL (mellom dei sigrar over Austerrike og ) var det få som trudde laget kunne hevde seg blant dei beste i OL-turneringa. Den første kampen gav ein oppskriftsmessig siger mot . Neste motstandar var vertsnasjonen , som hadde slått 9-0 i sin første kamp. Det blir at sagt dei norske leiarane allereie hadde planlagt heimereise to dagar etter Tysklandskampen. Dei planane måtte i så fall endrast.
Med Hitler og Goebbels som tilskodarar vann Noreg fullt fortent 2-0 over Tyskland. Begge måla vart skåra av Magnar Isaksen. Tyskarane var slått ut, og Noreg var klare for semifinale mot . Semifinalen vart jamspelt, men det var italienarane som trekte det lengste strået. Sluttresultatet vart 2-1 etter ekstraomgangar, og Arne Brustad skåra det norske målet. Brustad vart òg den store spelaren i bronsefinalen mot , der Noreg vann 3-2, og sikra seg bronsemedaljane. Brustad skåra alle dei tre norske måla, og vart framheva som ein av dei beste spelarane i turneringa av både norsk og utanlandsk presse. Bronselaget var fødd.
mini|300px|Bronselaget frå 1936Bak frå venstre: Brustad, Isaksen, Kvammen, Ulleberg, Holmberg, Martinsen, Frantzen, Juve. Føre frå venstre: Eriksen, Johansen, Holmsen.
To år seinare deltok Noreg i fotball-VM. Noreg hadde kvalifisert seg etter å ha slått 6-5 samanlagt over to kampar. Reidar Kvammen skåra to mål i begge kampane. I sluttspelet, som vart arrangert i Frankrike og vart spelt i cupformat, vart Noreg trekt mot dei regjerande verdsmeistrane Italia.
Kampen, som vart spelt i Marseille, var særs jamspelt og spennande. Italia tok ei tidleg leiing, men Noreg utlikna sju minutt før slutt då Brustad dribla seg gjennom heile det italienske forsvaret og sette ballen i mål. Nokre minutt seinare trudde alle at Brustad hadde skåra sitt andre, men dette målet vart særs tvilsamt annullert for offside. «Korleis dommaren kunne annullere dette flotte målet står for tilskodarane enno som ein gåte», skreiv Dagbladet i referatet sitt. Dermed vart det nok ein gong ekstraomgangar, der Italia gjekk sigrande ut etter ei scoring av Silvio Piola. Akkurat som i OL to år tidlegare tapte Noreg for Italia etter ekstraomgangar, og akkurat som i Berlin-OL gjekk Italia til topps i heile turneringa. Brustad fekk eit plaster på såret då han nokre månader seinare vart teke ut på Europalaget som møtte på Wembley.
22. oktober 1939 tapte Noreg 4-1 for Danmark i København. Det skulle vise seg å bli den siste landskampen til Noreg på nesten seks år.
1940-talet: Gjenoppbygging Sjå òg norske landskampar 1945–1950.
Då tyskarane invaderte Noreg vart det slutten på praktisk talt all organisert fotball i landet som følgje av idrettsboikotten. Fleire av heltane frå 1936, mellom dei Reidar Kvammen og Asbjørn Halvorsen, hamna i konsentrasjonsleir. Det lange opphaldet sette naturleg nok norsk fotball eit langt skritt tilbake, noko som skulle bli ettertrykkeleg klart 21. oktober 1945, då Noreg møtte Sverige i Stockholm.
Nesten alle dei gamle heltane var med då Noreg møtte Sverige for første gongen på over seks år. Det norske laget inkluderte Brustad, Øivind Holmsen og Alf «Kaka» Martinsen, som alle hadde vore med på Bronselaget, i tillegg til Kristian Henriksen, Knut Brynildsen og Rolf Johannessen, som var med på VM-laget i 1938. Seks år er derimot lang tid i fotball, og svenskane, som ikkje hadde vore med i krigen, hadde eit storlag på gang. Sluttresultatet vart 10-0 til Sverige. Då svenskane skåra det niande målet sitt skal Henriksen ha sagt «No satsær vi på uavgjort, guttær» til lagkameratane. Bronsealderen i norsk fotball var definitivt over.
Det skulle derimot kome nye spelarar utover på slutten av 1940-talet. To av dei største profilane var Gunnar Thoresen og Thorbjørn «Klippen» Svenssen. I tillegg hadde bronsehelten Reidar Kvammen enno litt å bidra med på banen. Nokre storsigrar vart det òg. I 1946 vart feia av banen med 12-0, og to år seinare vann Noreg 11-0 mot i ein kamp der Odd Wang Sørensen skåra fem mål – noko som enno er norsk rekord for mengder mål i éin og same landskamp.
I 1949 debuterte ein 18 år gammal indreløpar frå Ørn ved namn Per Bredesen. Han skåra i debuten og fekk strålande kritikkar. Noreg hadde fått ei ny stjerne, og ved inngangen til 1950-talet snakka ein om at Noreg hadde eit nytt storlag på gang. Di verre vart unge Bredesen eit kortvarig kjennskap for landslagspublikummet. I 1952 reiste Bredesen til Italia, og signerte proffkontrakt for Lazio – og ifølgje dei då sjølvpålagte amatørreglane vart han dermed utelukka frå vidare landslagsspel. I ein alder der dei fleste andre nasjonane i Europa hadde innført profesjonell fotball, stod det gamle amatøridealet enno høgt i kurs her heime.
1950-talet: Middelmåtig Sjå òg norske landskampar 1950–1955 og norske landskampar 1955–1960
Det var langt mellom sigrane for det norske landslaget på 1950-talet, og dei få kampane Noreg klarte å vinne var stort sett mot Finland og . Rett nok klarte Noreg å dra i land ein sensasjonell 2-1-siger over Ungarn i 1957 – og det attpåtil i ein VM-kvalifiseringskamp, men elles var det langt mellom høgdepunkta. I returkampen mot Ungarn vart forresten Noreg sendt heim med 0-5 i kofferten.
Blant lyspunkta heldt forsvarsklippen Thorbjørn Svenssen stand gjennom heile tiåret, og då han avslutta landslagskarrieren sin i 1962 hadde han spelt utrulege 104 landskampar – 93 av dei som kaptein. Saman med engelske Billy Wright var han den einaste spelaren i verda som hadde passert 100 landskampar på dette tidspunktet. Ein annan norsk profil på denne tida var Harald Hennum, som med sine 25 mål er den mestskårande spelaren på landslaget etter krigen.
Det er derimot liten tvil om at Noreg kunne trengt ein speler som Per Bredesen, men amatørreglementet gjaldt enno, sjølv om det i 1960 vart oppmjukna slik at den heimvendte proffen Ragnar Larsen igjen fekk lov å spele med flagget på brystet.