Dez-dammen (persisk سد دز) er ein bogedam over Dezelva i den sørlvestlege provinsen Khuzestan i Iran. Han ligg kring 26 km nord for Andimeshk. Demninga vart bygt mellom 1959 og 1963 av eit italiensk konsortium og er eigd av Khuzestan vass- og energiverk. Demninga er 203 m høg og ein av dei høgaste i landet. Det har ein kapasitet på 3,34 km³. Hovudføremålet med demninga er energiproduksjon og vatning. Eit energiverk på 520 MW er knytta til fammen og reservoaret er med å gje vatn til 80 500 mål med jordbruksland. Prosjektet kosta i si tid 42 millionar amerikanske dollar som kom frå Verdsbanken.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Dez Dam» frå , den 4. april 2021. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Vasskraftverk i Iran Kategori:Vassreservoar i Iran Kategori:Byggverk i Khuzestan Kategori:Demningar i Iran Kategori:Byggverk ferdigstilt i 1963 Kategori:Demningar i Tigris-Eufrat-systemet Kategori:1963 i Iran