Rønnaug Eliassen () var ein norsk advokat kjent for engasjementet sitt i norsk kvinnekamp. Eliassen vaks opp i eit borgerleg, intellektuelt miljø i Oslo og tok juridisk embetseksamen så tidleg som i 1937.Torill Skard: «Protesterte klart og kvast», i Klassekampen 24. oktober 2011. Etter krigen var ho ei tid domarfullmektig i Midthordland, men blei etter kvart privatpraktiserande advokat med rettar av kvinner som spesialfelt.
Eliassen engasjerte seg i Sosialistisk Folkeparti og var blant mykje annet medlem i Porsgrunn bystyre, Norsk kvinneforbund og Internasjonal kvinneliga for fred og fridom. Ho stod bak omsetjing av Simone de Beauvoirs Det annet kjønn i 1970. Ho var med i redaksjonsrådet til tidsskriftet Kvinnen og Tiden.
Eliassen var dotter av arkitekten Georg Eliassen, bror av meteorologen Arnt Eliassen og mor til Jorun Solheim. Ho døydde i januar 2014, 102 år gamal.
Kjelder
Kategori:Feministar Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Medlemmer av Norsk Kvinnesaksforening