mini|Satellittbilde av Turkanasjøen. Turkanasjøen er ein endorheisk saltsjø som ligg hovudsakleg i Riftdalen i Kenya, men med det nordaustlege hjørnet i Etiopia. Grensene i området er delvis omstridde, særlig med omsyn til Ilemi-triangelet.
Sjøen blei ei tid kalla Rudolfsjøen etter Rudolf av Austerrike.
Han er omtrent km² stor, og på det meste 109 meter djup. Han er ein sodasjø med rikt fiske- og fugleliv og er ein av dei største ørkeninnsjøane i verda. Sjøen ligg i Turkanasjø-nasjonalparkane, og skil Turkana fylke i vest og Marsabit fylke i aust.
Sjøen er best kjend for dei arkeologisk viktige funna av dei to millioner år gamle fossila av Homo habilis.
Kjelder
Lake Turkana Lakepedia.com Denne artikkelen bygger på «Turkanasjøen» frå , den 20. april 2021.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Endorheiske innsjøar i Afrika Kategori:Innsjøar i Kenya Kategori:Innsjøar i Etiopia Kategori:Riftdalen