mini|Oljeplattform Eit byggverk er noko som er bygd, vanlegvis av menneske men i nokre høve også av ulike dyr. Ifølgje Norsk standard omfattar byggverk «Alt som bygges eller er et resultat av byggearbeid».
Typar Det finst ei rekkje ulike typar byggverk. Dei kan delast inn etter kva funksjon dei skal ha, som:
Bygningar, byggverk laga for å husa noko. Trafikkbyggverk, som bruer, vegar, tunnelar, kulvertar, jernbanar, flyplassar, fyrstasjonar og kanalar. Forsyningsbyggverk, som akveduktar, vatn- og kloakkleidningar, skorsteinar, fjernsynstårn og høgspentmaster Vernebyggverk, som bymurar, dike og anlegg for skredsikring Forsvarsbyggverk, som festningar og skansar
Dyrebyggverk kan til dømes vera maurtuer, beverdammar og fuglereir.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Byggverk» frå , den 1. mai 2021.
Kategori:Arkitektur