Beinta í Jákupsstovu () er ein færøysk statsvitar. Ho er professor i samfunnsvitskap ved Høgskulen i Molde og professor II ved Fróðskaparsetur Føroya i Tórshavn.
Ho gjekk gymnaset i Tórshavn og studerte deretter sosiologi ved Københavns Universitet og geografi ved Universitetet i Bergen. Ho har graden cand.polit. i offentleg administrasjon og organisasjonskunnskap frå Universitetet i Bergen frå 1982 og dr.polit. frå same universitet frå 2003. Ho har budd det meste av det vaksne livet sitt i Noreg.
Etter ein del år innan undervising og administrasjon vart Jákupsstovu tilsett som høgskulelektor (seinare førsteamanuensis) i statsvitskap ved Høgskulen i Molde i 1995. Ho fekk opprykk til professor i 2018.
Beinta í Jákupsstovu har publisert ei rekkje vitskaplege arbeid om norske og færøyske tilhøve.
Ho er dotter av fagforeiningsmannen Jákup í Jákupsstovu og Edith Lamhauge. Marinbiologen og den tidlegare direktøren ved havforskingsinstituttet på Færøyane, Hjalti í Jákupsstovu, er bror hennar. Ho er mor til sosiolingvisten Edit Bugge.
Bibliografi (utval) Kunnskap og makt. Færøysk helsepolitikk gjennom 150 år. Fróðskapur (Faroe University Press) 2006. Erfaringer fra kvindelisterne i færøsk politikk. Saman med Bjørg Jacobsen. Í NIKKmagasin nr 1-2006. Et kjønnsperspektiv på færøysk helse- og sosialpolitisk utvikling, i A.Mortensen (red.): Fólkaleikur. Fróðskaparfelagið 2005. Changes in the Faroese Welfare System, í Westman, Liisa (red.): Women leave, men remain – Issues of Welfare, Gender and Labour market. North Karelia Polytechnic, Joensuu 2005 Kvinner ingen adgang? Rekruttering av kvinner til bystyret i Tórshavn 1972-1992. Norsk Statsvitenskapelig Tidsskrift 1/96. Heimestyreordninga og sosialpolitikk på Færøyane. Hovedfagsoppgåve i offentlig administrasjon og organisasjonskunnskap, Universitetet i Bergen, 1982.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Beinta í Jákupsstovu» frå , den 30. mai 2021.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Færøyske forfattarar Kategori:Færøyske akademikarar Kategori:Norske statsvitarar Kategori:Høgskolen i Molde