Xun (埙; pinyin xūn) er ei kinesisk fløyte laga av leire eller keramikk. Ho er eit av dei eldste kinesiske musikkinstrumenta. Fløyta blir laga i mange storleikar, og er forma som eit egg. Ho har eit blåsehull og åtte gjennomgåande mindre fingerhol. venstre|mini|Xun-fløyte Det koreanske motstykket heiter hun (hangul: 훈; hanja: 塤). I Japan blir same type instrument kalla tsuchibue (hiragana: つちぶえ ; kanji: 土笛), som tyder «jordfløyte».
I dei tidlege kinesiske nasjonale tilbliingsogene er det Fuxi som tilverkar den første xunen. Fløyta var litt ulik frå stad til stad i Kina, men synest å ha funne ei standardisert form under Shang-dynastiet.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Xun (fløyte)» frå , den 1. juni 2021.
Kategori:Leirfløyter Kategori:Kinesisk musikk