Egils Appelsín er ein islandsk brus med appelsinsmak som er blitt laga av Egill Skallagrímsson Ölgerðin sidan 1955. Produktet har slagordet «hið eina sanna», 'den eine sanne‘. Til jul er det vanleg å blanda brusen med ein maltdrikk (Egils Malt), til såkalla jólaöl, eller «juleøl». Dette finst også som eit eige produkt. For å blanda drikken sjølv heller ein fyrst i Appelsín og så malt, for å hindra så mykje skum at han renn over.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Egils Appelsín» frå , den 3. juni 2021.

Kategori:Islandsk kultur Kategori:Leskedrikkar Kategori:Juledrikke