Williams County er eit fylke nordvest i den USA-amerikanske delstaten Nord-Dakota, vestgrensa til fylket er delstatsgrense mot delstaten Montana. Flatevidda til Williams County, som vart oppretta i 1891, er på 5 563 km², 201 km² dekt av vatn. Fylkessetet ligg i Williston, einaste byen i fylket.
I 2010 budde 22 398 personar i Williams County. Grunna ein oljeboom auka folketalet med kring 15 000 det neste tiåret. Ved folketeljinga 2000 vart 48,3 % av ibuarane registrerte som norskætta og 22 % som tyskætta.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Williams County, North Dakota» frå , den 6. juni 2021.
Bakgrunnsstoff
Kategori:County i Nord-Dakota Kategori:Skipingar i 1891