Stephanie Graf () er ein austerriksk tidlegare mellomdistanseløpar frå Klagenfurt. Ho tok sølvmedaljen på 800 meter både i Sommar-OL 2000 og VM 2001.

Aktiv Graf sprang inn til bronsemedalje på 800 meter ved europameisterskapen 1998. Året etter vart ho nummer sju i VM-finalen på personleg rekord 1.57,92. Under Sommar-OL 2000 i Sydney presterte ho livsbeste då ho sikra seg sølvmedaljen på tida 1.56,64. Både i OL-finalen og det komande innandørs-VM 2001 i Lisboa måtte ho sjå seg klart slått av Maria Mutola. Også i VM-finalen 2001 i Edmonton enda Graf på sølvplass, fattige tre hundredels sekund attom Mutola. Ved innandørs-VM 2003 i Birmingham fekk Graf eit nytt sølv, då slått med eit knapt halvsekund av Mutola.

Doping I 2010, sju år etter ho la opp, vart Graf dømd til to år utestenging frå idrett, grunna opplysningar om involvering i bruk av blodplasma.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1997 i Aten: Utslått i kvalifiseringa (2.02,52=nr 18) EM 1998 i Budapest: Bronsemedalje – 2.00,11 VM 1999 i Sevilla: Nr 7 på 800 m – 1.57,92 OL 2000 i Sydney: Sølvmedalje på 800 m – 1.56,64, bak Maria Mutola VM 2001 i Edmonton: Sølvmedalje på 800 m – 1.57,20, bak Maria Mutola (1.57,17) VM 2003 i Paris: Nr 8 (1.59,26 i semifinalane)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Stephanie Graf» frå , den 12. juni 2021.

World Athletics

Kategori:Austerrikske friidrettsutøvarar Kategori:Mellomdistanseløparar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Austerrike Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2000 Kategori:Austerrikske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000