Venelina Veneva-Matejeva () er ein bulgarsk tidlegare høgdehoppar frå Ruse som vann sølvmedaljen i øvinga ved Friidretts-EM 2006. Ho deltok i internasjonale meisterskap over ein periode på 25 år.
Aktiv Veneva debuterte ved verdsmeisterskapen 1991, men det var fyrst under Friidretts-EM 1998 ho markerte seg. Ho vart då nummer fem med eit hopp på 1,98 meter. År 2001 vart ho nummer 3 i innandørs-VM i Lisboa og ho kom fjerdeplass ved verdsmeisterskapen i Edmonton, i den siste tevlinga på same høgde som bronsevinnar Kajsa Bergqvist. Eit par månader før Edmonton-VM presterte Veneva livsbeste då ho 2. juni 2001 svinga seg over 2,04 meter under eit stemne i greske Kalamata. Under VM 2003 i Paris enda ho på atter på fjerdeplass.
Ved innandørs-EM 2005 i Madrid vart Nuneva nummer 3. Sommaren 2006 tok ho sølvmedaljen då europameisterskapen vart avvikla i Göteborg. Både ho og belgiske Tia Hellebaut hoppa 2,03 meter, Hellebaut vann gull ved å ta høgda i fyrste forsøk, Nuneva måtte ha to forsøk. Den 18. august 2006 i Zürich tangerte Veneva den personleg rekorden på 2,04 m.
Doping Ein dopingkontroll i januar 2007 viste at Veneva hadde altfor mykje testosteron i kroppen.IAAF: Venelina Veneva Doping Rule Violation 13. februar 2008 Dermed vart ho stengt ute frå idrett i to år. Ho kom aldri tilbake på internasjonalt toppnivå.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1991 i Tokyo: Utslått i kvalifiseringa (1,79 m=nr 22) VM 1995 i Göteborg: Utslått i kvalifiseringa (1,93 m=nr 13) OL 1996 i Atlanta: Utslått i kvalifiseringa (1,80 m=nr 29) EM 1998 i Budapest: Nr 5 – 1,98 m VM 1999 i Sevilla: Utslått i kvalifiseringa (1,89 m=nr 14) OL 2000 i Sydney: Nr 9 – 1,93 m VM 2001 i Edmonton: Nr 4 – 1,97 m VM 2003 i Paris: Nr 4 – 1,98 m OL 2004 i Aten: Utslått i kvalifiseringa (1,92 m=nr 15) VM 2005 i Helsinki: Nr 10 – 1,85 m EM 2006 i Göteborg: Sølvmedalje – 2,03 m, bakom Tia Hellebaut (2,03 m) VM 2009 i Berlin: Utslått i kvalifiseringa (1,92 m=nr 15) VM 2011 i Daegu: Utslått i kvalifiseringa (1,89 m=nr 21) EM 2012 i Helsinki: Nr 12 – 1,80 m OL 2012 i London: Utslått i kvalifiseringa (1,85 m=nr 20) EM 2014 i Zürich: Utslått i kvalifiseringa (1,85 m=nr 16) VM 2015 i Beijing: Utslått i kvalifiseringa (1,80 m=nr 28)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Wenelina Wenewa-Mateewa» frå , den 14. juni 2021.
Bakgrunnsstoff World Athletics
Kategori:Bulgarske høgdehopparar Kategori:Bulgarske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Bulgarske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Bulgarske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Bulgarske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Dopingsaker i friidrett