Daniela Jordanova () er ein bulgarsk tidlegare friidrettsutøvar som tok bronsemedaljen på 1500 meter i så vel europameisterskapen 2006 som verdsmeisterskapen 2007.
Aktiv Etter ein tiandeplass og bulgarsk rekord på 5000 meter under Sommar-OL 2000, tevla Jordanova mest på 1500 meter. På den distansen vart ho nummer fem ved EM 2002 og sju ved VM 2003. Under dei olympiske sommarleikane 2004 i Aten sprang ho i mål til femteplass på tid 3.59,10, livsbeste på 1500 m og landsrekord. I Friidretts-EM 2006 i Göteborg sikra ho seg bronsemedaljen gjennom eit toppløp. Året etter kom ho i mål som nummer fire på 1500 m ved VM i Osaka. Eit par månader etter meisterskapen vart prestasjonen omgjort til bronse, ettersom toaren Jelena Soboleva vart diskvalifisert for bruk av bloddoping i eit tidlegare løp.
Doping I juni 2008 testa Jordanova positivt på testosteron og deretter utstengt i to år frå alle tevlingar. Ho kom ikkje tilbake på bana.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 2000 i Sydney: Nr 10 på 5000 m – 14.56,9 VM 2001 i Edmonton: Utslått på 1500 m (=nr 22) EM 2002 i München: Nr 5 på 1500 m – 4.03,0 VM 2003 i Paris: Nr 7 på 1500 m – 4.02,34 OL 2004 i Aten: Nr 5 på 1500 m – 3.59,1 VM 2005 i Helsinki: Utslått på 1500 m (4.11,6=nr 14) EM 2006 i Göteborg: Bronsemedalje på 1500 m – 3.59,3 VM 2007 i Osaka: Bronsemedalje på 1500 m – 4.00,8
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Daniela Jordanowa» frå , den 18. juni 2021.
Bakgrunnsstoff World Athletics
Kategori:Bulgarske friidrettsutøvarar Kategori:Mellomdistanseløparar Kategori:Bulgarske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Bulgarske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Dopingsaker i friidrett