Trong fremre runda vokal er ein vokal som blir brukt i nokre talespråk. Symbolet som blir brukt i det internasjonale fonetiske alfabetet er «y», og det som blir brukt i X-SAMPA er y. I ulike språk kan lyden skrivast som <ü>, <uu>, <u>, <ű>, <y>, <уь> eller <위>. I norsk bruker ein <y>.

I dei fleste språk uttalar ein denne runda vokalen med ikkje-framskotne lepper (eksolabial), men i nokre språk (mellom dei svensk og norsk) uttalar ein han med framskotne lepper (endolabial).

Vokalfirkanten

Ikkje-framskotne lepper

Trekk

Vokalen er trong, noko som tyder at tunga er så nær ganen som mogleg utan at ho skapar hindringar som ville gjort lyden til ein konsonant. Han er ein fremre vokal, noko som tyder at tunga er så langt framme i munnen som mogleg utan å skapa hindringar som ville gjort han til ein konsonant. Leppestillinga er runda, med ikkje-framskotne lepper, altså nærmar munnvikene seg kvarandre utan at innsida av leppene er synleg.

Døme SpråkOrdIPATydingMerknaderAlbansk«to»Aserbajdsjansk«kule»Dansk«yta»EngelskSkotsk engelsk«føter»Somme dialektar. Tilsvarer // (eller //) i andre dialektar.Estisk«éin»Finsk«éin»Fransk«fall»Lombardisk«to»KinesiskKantonesisk«bok»Mandarin«grøn»Koreansk«topp»Nederlandsk«lappedukkar»Svensk«defekt»Tsjetsjensk«dei»Tyrkisk«sol»Tysk«blome»Ungarsk«pinne»

Framskotne lepper Dei fleste språk med runda bakre og fremre vokalar brukar to typar labialisering, der bakre vokalar har framskotne lepper og fremre vokalar har ikkje-framskotne lepper. Nokre språk, som nordiske eller nordgermanske språk, har likevel fremre vokalar med framskotne lepper. Svensk skil til og med mellom to typar runding hos fremre vokalar.

Sidan det ikkje finst teikn i IPA for å skilja mellom framskotne og ikkje-framskotne vokalar blir det gamle teiknet for labialisering (()) her brukt som eit ad hoc-symbol for framskotne vokalar. (Ein annan mogleg transkripsjon er  [yʷ] eller   (ein trong fremre vokal modifisert av endolabialisering), men dette vil kunna feiltolkast som ein diftong.)

Trekk

Vokalen er trong. Han er ein fremre vokal Leppestillinga er runda, med framskotne lepper, altså nærmar munnvikene kvarandre på ein slik måte at innsida av leppene er synleg.

SpråkOrdIPATydingMerknaderNorskyta«yta»Svenskyla«hyla»100px|Lyd

Sjå òg Svensk fonologi Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Trang fremre runda vokal» frå , den 25. juni 2021.

Kategori:Vokalar