Moltke Ingebret Moe () var den fyrste professoren i folkloristikk i Norden. Han vart fødd i Krødsherad, som son av Jørgen Moe. Han var mannen som rekonstruerte det som i dag er den mest kjente versjonen av draumkvedet. I 1886 vart han professor i "norsk Folkesprog og norsk Folketradition" ved Universitetet i Kristiania. Han arbeidde for ei tilnærming mellom riksmål og landsmål, og var ein av personane bak rettskrivinga av 1907.

Nokre utgjevingar «Retskrivning og folkedannelse» (1900) «Norsk og dansk sprogdrakt» (1906) artikkelen «Nationalitet og kultur» (Samtiden 1909).

Bakgrunnsstoff Moltke Moe: Retskrivning og folkedannelse. 1900 på http://www.sprakrad.no Moltke Moe (1859-1913) Skrifter på http://www.dokpro.uio.no

Kategori:Norske språkforskarar Kategori:Norske folkloristar Kategori:Professorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Folk frå Krødsherad