mini|Sjøar i Dei store sjøane-regionen i Aust-Afrika (blått). mini|Ei øy i Kivusjøen, ein av dei mindre sjøane i gruppa. Dei store sjøane i Afrika (engelsk African Great Lakes) er ei gruppe innsjøar i og omkring Riftdalen i Aust-Afrika. Innsjøane ligg i Rwanda, Burundi, Uganda, Kongo, Tanzania og Kenya. Her finst blant anna Victoriasjøen, den tredje største innsjøen i verda mælt i areal. Dei store sjøane blir også brukt om regionen kring sjøene og kjeldeområdet til Den kvite Nilen.
Sjøar og vassdragsområde Det finst ingen kriterium for kva som kan vurderast som ein «stor sjø», men vanlegvis blir dei følgjande rekna til Dei store sjøane i Afrika:
Vassdragsområdet til Nilen
Victoriasjøen Albertsjøen Edvardsjøen
Vassdragsområdet til Kongo
Tanganyikasjøen Kivusjøen
Vassdragsområdet til Zambezi
Malawisjøen
Endorheisk innsjø
Turkanasjøen
Dei store sjøane blir nokre gonger avgrensa til å berre omfatta Victoria-, Albert-, og Edvardsjøane, sidan berre dei har utløp til Den kvite Nilen. Kyogasjøen og Georgesjøen er ein del av sjøsystemet i Nilvassdraget, men blir ikkje rekna til Dei store sjøane.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Dei store sjøane i Afrika» frå , den 17. juli 2021.
Kategori:Innsjøar i Afrika