Kathrin Klaas () er ein tysk tidlegare sleggjekastar frå Haiger i Hessen. Ho kvalifiserte seg til ni internasjonale finalar i øvinga, men makta ikkje vinne ein medalje. Fjerdeplassane i VM 2009, EM 2012 og EM 2014 vart hennar beste plasseringar.

Aktiv Klaas sette personleg rekord med 73,45 m i 2007-sesongen. To år seinare forbetra ho rekorden sin til 74,23 meter i VM-finalen i Berlin og vart nummer 4. I 2010 flytta ho sin personbeste til 74,53 m, året etter nådde ho 75,48 meter ved eit stemne i Ostrava. Etter fjerdeplass i europameisterskapen 2012, presterte Klaas sitt livs lengste sleggjekast i OL-finalen i London. 76,05 meter heldt til femteplass i ei sylskarp tevling. Sidan enda ho på ein ny fjerdeplass i EM 2014 og på ein sjetteplass i VM 2015.

I dei fleste år som aktiv sleggjekastar kom Klaas til å stå i skuggen av den eitt år eldre landskvinna Betty Heidler. Perioden 2007-18 vart Klaas tysk meister i 2014 og 2018, siste året etter at Heidler hadde lagt opp. Elles enda Klaas opp med åtte nasjonale sølvmedaljar i sleggjekasting.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2005 i Helsinki: Utslått i kvalifiseringa (-) EM 2006 i Göteborg: Nr 6 – 70,59 m VM 2007 i Osaka: Utslått i kvalifiseringa (64,00 m=nr 28) OL 2008 i Beijing: Utslått i kvalifiseringa (67,54 m=nr 24) VM 2009 i Berlin: Nr 4 – 74,23 m EM 2010 i Barcelona: Utslått i kvalifiseringa (65,82 m=nr 15) VM 2011 i Daegu: Nr 7 – 71,89 m EM 2012 i Helsinki: Nr 4 – 70,44 m OL 2012 i London: Nr 5 – 76,05 m VM 2013 i Moskva: Utslått i kvalifiseringa (68,34 m=nr 20) EM 2014 i Zürich: Nr 4 – 72,89 m VM 2015 i Beijing: Nr 6 – 73,18 m EM 2016 i Amsterdam: Utslått i kvalifiseringa (64,39 m=nr 25) OL 2016 i Rio de Janeiro: Utslått i kvalifiseringa (67,92 m=nr 18) VM 2017 i London: Nr 11 – 68,91 m EM 2018 i Berlin: Nr 7 – 71,50 m

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kathrin Klaas» frå , den 20. juli 2021.

Kategori:Tyske sleggekastarar Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016