Chester Kamen () er ein engelsk studiogitarist som har spelt med artistar som Paul McCartney, Bryan Ferry, Bob Geldof, Madonna, Duran Duran, Robbie Williams, Roger Waters, David Gilmour, Seal, Massive Attack, Kirsty MacColl, Belouis Some og Gabrielle.
I 1985 stod Kamen på scenen på Live Aid i lag med Pink Floyd-gitaristen David Gilmour som ein del av bandet til Bryan Ferry, etter å ha først spelt med Ferry på albumet hans Boys and Girls i 1985. Han fortsette å arbeide med Ferry inn i 1990-åra, inkludert turenane hans i denne perioden. Kamen var òg med å skrive og produsere somme av songane på albumet Bête Noire, inkludert «Seven Deadly Sins» i lag med Guy Pratt.
I 2002, då Roger Waters held fram In The Flesh-turneen sin, vart Kamen henta ombord for å erstatte Doyle Bramhall II. Kamen fortsette å spele med Waters, då han sidan erstatta Andy Fairweather-Low på gitar og korvokal. Kamen spelte òg i lag med Waters og David Gilmour då dei spelte eit kort sett i lag for Hoping Foundation i Oxfordshire i England den 11. juli 2010. I 2016 turnerte Kamen med bandet til David Gilmour.
I mai 2021 gav Kamen ut songen «Stories», framført med bandet hans The Twins.
Utvald diskografi
År Tittel Artist 1985 Boys and Girls Bryan Ferry 1985 Some People Belouis Some 1987 Bête Noire Bryan Ferry 1988 Big Thing Duran Duran 1989 Like a Prayer Madonna1990 Wild and Lonely The Associates1991 Seal Seal1993 Symphony or Damn Terence Trent D'Arby 1994 Mamouna Bryan Ferry 1994 Protection Massive Attack
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Chester Kamen» frå , den 23. juli 2021. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Engelske plateprodusentar Kategori:Engelske rockegitaristar Kategori:Engelske studiomusikarar Kategori:Sologitaristar