Brianne Theisen-Eaton () er ein kanadisk tidlegare friidrettsutøvar frå småbyen Humboldt i Saskatchewan som tevla i mangekamp. Ho vann to VM-sølv og ein olympisk bronsemedalje i sjukamp.

Aktiv Theisen-Eaton gjorde personbeste i sjukamp under verdsmeisterskapen 2013 i Moskva, med 6 530 poeng sikra ho seg sølvmedaljen i tevlinga. Vårvinteren 2014 vart ho også nummer 2 i femkampen ved innandørs-EM, Nadine Broersen frå Nederland vann ganske klart. Sommaren 2014 forbetra Theisen-Eaton den personlege rekorden i sjukamp til 6 597 poeng under samveldeleikane i Glasgow, der ho var heilt suveren.

På tampen av mai 2015 sette Theisen-Eaton kanadisk rekord i sjukamp då ho for andre gong sigra i meistermötet i Götzis, ho vann også i 2013. Med 6 808 poeng presterte ho livsbeste som mangekjempar. Knappe tre månader seinare enda ho opp med 6 554 poeng ved VM i Beijing, nok til å vinne sølv, men ikkje til å truge Jessica Ennis-Hill i kampen om gullmedaljen.

I mars 2016 vann Theisen-Eaton femkamptevlinga ved innandørs-VM i Portland, etter å ha sanka 4 881 poeng. I mai viste ho styrke då ho med 6 765 poeng gjekk til topps i Götzis-stemnet. Under Sommar-OL i Rio de Janeiro plukka ho 6 653 poeng og la beslag på bronsemedaljen, men var over 100 poeng bak dei to andre medaljvinnarane; Nafissatou Thiam og Jessica Ennis-Hill.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2009 i Berlin: Nr 15 – 5 949 poeng OL 2012 i London: Nr 10 – 6 383 poeng VM 2013 i Moskva: Sølvmedalje – 6 530 poeng, bakom Hanna Melnytsjenko (6 586 p) VM 2015 i Beijing: Sølvmedalje – 6 554 poeng, bakom Jessica Ennis-Hill (6 669 p) OL 2016 i Rio de Janeiro: Bronsemedalje – 6 653 poeng

Brianne Theisen gifta seg med Ashton Eaton i 2013.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Brianne Theisen-Eaton» frå , den 24. juli 2021.

World Athletics

Kategori:Canadiske mangekjemparar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Canada Kategori:Canadiske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:Canadiske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016