Tanga er ein administrativ region i Tanzania. Regionen ligg aust i landet, og har kyst mot Indiahavet i aust og grense til Kenya i nord og regionane Kilimanjaro i nordvest, Manyara i vest og Pwani og Morogoro i sør. Regionhovudstaden er byen med same namn. Regionen har eit areal på 27 348 km², der 572 km² er vatn. Ved den offisielle folketeljinga i 2012 hadde regionen ein folkesetnad på 2 045 205.
Para, wataita, shambala, wambugu, segeju, wadigo, wanago og wazigua er blant folkegruppene som har migrert til Tanga.
Distrikt Regionen Tanga er administrativt delt inn i åtte distrikt. Innbyggjartala som er oppgjevne nedanfor stammar frå folketeljinga i 2012. +Distrikt i regionen TangaNamnInnbyggjartalHandeni355 702Kilindi236 833Korogwe310 346Lushoto492 441Muheza204 461Mkinga118 065Pangani54 025Tanga273 332Totalt2 045 205
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tanga (region)» frå , den 28. juli 2021.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Regionar i Tanzania Kategori:38°E Kategori:5°S