«Can You Hear Me?» er ein ballade av den engelske musikaren David Bowie frå albumet hans Young Americans frå mars 1975. Bowie kalla det ein «verkeleg kjærleikssong», skriven med nokon i tankane, som han ikkje identifiserte. Songen kom ut som B-sida til songen «Golden Years» i november 1975.
Chris O'Leary skriv at «Can You Hear Me?», med si skuld og «utstuderte uro», er «overdådig og berre introen er meisterleg»: «Once we were lovers / Can they understand? / Closer than others, I was your / I was your man.» Altsaksofonen vert spelt av David Sanborn kjem inn i tredje verset «som ei konkurrerande vokallinje». Arrangementet og «den vesle katedralen av røyster» dekkjer over den «patetiske mannen i hjartet av songen».
Songen var skriven av Bowie, produsert av Bowie, Tony Visconti og Harry Maslin, med Carl Paruolo som lydteknikar. Korvokalistane på snogen var den 24 år gamle Luther Vandross heilt i byrjinga av karrieren hans.
Innspelingar Songen vart først spelt inn 1. januar 1974 under namnet «Take It In Right» i Olympic Studios i Barnes i London.. Som «Can You Hear Me?» vart han meint for soulalbumet The Gouster, spelt inn i 1974, men ikkje gjeve ut før plateboksen Who Can I Be Now? (1974–1976) i 2016.
Bowie valde i 1974 å la den skotske songaren Lulu spelte inn songen, noko dei gjorde i lag 25. mars, igjen i Olympic, og 17. april i RCA sitt studio i New York. Det var under denne innspelinga i New York at Bowie først møtte gitaristen Carlos Alomar, som vart ein viktig bidragsytar. Bowie meinte at Lulu hadde potensiale til å bli ein stor soulsngar. «Lulu har denne flotte stemma, og ho er blitt feildirigert i alle desse åra,» sa han i eit intervju i 1974. «Folk ler no, men dei vil ikkje le om to år, berre vent! Eg produserte ein singel med ho – 'Can You Hear Me' – og det er den retninga ho kjem til å ta. Ho har ei verkeleg soul-stemme, ho kan få kjensla til Aretha, men ho har vore så feildirigert.» Han sa han ønskte å ta ho til Memphis og spele inn eit album med henne og eit band. I følgje Nicholas Pegg er innspelinga til Lulu av «Can You Hear Me?» «ein av dei tapte heilage gralane for Bowie-fansen».
13.-18. august 1974 spelte Bowie inn «Can You Hear Me?» i Sigma Sound i Philadelphia for Young Americans. In august 1975 sa han til Anthony O'Grady i eit intervju for New Musical Express: «'Can You Hear Me' var skriven for nokon, men eg vil ikkje sei kven. Det er ein sann kjærleikssong. Eg tullar ikkje.»
Eit konsertopptak spelt inn 20. oktober 1974, under den tredje delen av Diamond Dogs-turneen, kom ut i 2020 på I'm Only Dancing (The Soul Tour 74). Bowie song òg songen live den 23. november 1975 i lag med Cher, på The Cher Show på CBS.
Medverkande mini|Bowie og Cher song «Can You Hear Me?» live den 23. november 1975. Produsentar: David Bowie Tony Visconti Harry Maslin Strykearrangement: Tony Visconti Lydteknikar Carl Paruolo Musikarar: David Bowie: solovokal Carlos Alomar: rytmegitar Mike Garson: piano David Sanborn: altsaksofon Willie Weeks: bassgitar Andy Newmark: trommer Larry Washington og kanskje Pablo Rosario: conga Luther Vandross, Ava Cherry, Robin Clark, kanskje Diane Sumler og Anthony Hinton: korvokal Ukjende: strykarar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Can You Hear Me? (David Bowie song)» frå , den 31. juli 2021. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Tekst til songen på MetroLyrics
Kategori:Balladar frå 1970-åra Kategori:Songar frå 1974 Kategori:Singlar frå 1975 Kategori:Songar frå 1975 Kategori:Blue-eyed soul-songar Kategori:Britiske soulsongar Kategori:David Bowie-songar Kategori:RCA Records-singlar Kategori:Songar produserte av Tony Visconti Kategori:Songar skrivne av David Bowie Kategori:Soulballadar