Ruzizi eller Rusizi er ei elv mellom Sentral- og Aust-Afrika som renn frå Kivusjøen sørover til elvdeltaet ved Tanganyikasjøen.

Geografi og geologi Ruzizi er ei grenseelv mellom Kongo-Kinshasa i vest og Rwanda i i aust. I tillegg er ho saman med Tanganyikasjøen grense til Burundi. Elva går langs den austlege Riftdalen. Den omgjevande elvedalen er meir kupert i nord enn i sør. I nærleiken av munningen i sør forbind ei bru Burundi med Kongo.

Flora og fauna Rusizi nasjonalpark ligg ved deltaet til Ruzizielva. Det finst òg nilkrokodillar her. Ein av desse, kalla Gustave, er blitt kjend i nyare tid for å ha drepe og ete fleire menneske., henta 17. mai 2015

Ein dokumentarfilm om GustaveCapturing the Killer Croc,, henta 17. mai 2015 fortel at det rundt 1950 var bøflar, elefantar og vortesvin her, men at dei sidan då er blitt drive bort av menneske. Det einaste av dei større dyra som er att i tillegg til krokodillar er flodhest.

Kraftutvinning Den første Ruzizidammen (Ruzizi I) blei oppført ved utløpet frå Kivusjøen i 1958. Denne har endra vassnivået og vassmengda i elva. Dammen, som leverer elektrisitet til Bubanza, Kigoma og dessutan Mururo (Rwanda) har ein kapasitet på 30 MW. Ein annan dam (Ruzizi II) blei oppført i 1989 med ein kapasitet på 44 MW. Demningane er felleseige for dei tre nabolanda.

Ettersom kraftproduksjonen ikkje svarte til etterspurnaden, blei det planlagt eit tredje kraftverk (Ruzizi III) med støtte frå Den europeiske investeringsbanken (EIB) og den afrikanske utviklingsbanken.

Ein har òg lagt planar om eit fjerde kraftverk, Ruzizi IV.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ruzizifloden» frå , den 9. august 2021.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Elvar i Kongo Kategori:Kivusjøen