mini|Kart over AAAAA-stader i Kina AAAAA (5A) er ei utnemning gjeven til dei viktigaste og best ivaretekne naturskjønne turistmåla i Kina. Det er det høgaste nivået i klassifiseringa brukt av det kinesiske kultur- og turismedepartementet. I 2025 var det 359 attraksjonar som var klassifiserte som 5A.
Opphavet til vurderingssystemet for turistattraksjonar er basert på kriterium som først blei sett opp i 1999 av den nasjonale turismeadministrajsonen i Kina (forgjengaren til det noverande kultur- og reiselivsdepartementet) og revidert i 2004. Kriteria inkluderer kvalitets- og styringsfaktorar som transportsamband, tryggleik, rensemd og liknande, og tar òg omsyn til kor særeige og kjent staden er. Turistattraksjonar blir rangerte etter kriterium på ein skala som opphavleg gjekk frå A til AAAA med AAAAA eller 5A lagt til seinare som den høgaste karakteren. Ei gruppe på 66 turistattraksjonar blei sertifiserte som den første gruppa AAAAA-rangerte turistattraksjonar i 2007. Den første omgangen inkluderte mange av dei mest ikoniske historiske stadene i Kina, som Den forbodne byen og Sommarpalasset. Fleire grupper blei lagt til seinare, inkludert 20 nye 5A-område i februar 2017 Ved sjelnde høve har nokre stader blitt nedgraderte frå den høgaste kategorien på grunn av manglar i turistopplevinga.
Liste Beijing Provins Prefektur Namn Dato for inkludering Skildring BildeBeijingBeijingDen forbodne byen(Palassmuseum)2007Eit 0,72km² stort anlegg med 980 bygningar, opphavleg bygt av Yongle-keisaren frå 1406 til 1420,. og brukt som hovudpalass av Ming- og det tidlege Qing-dynastiet, gjort om til offentleg museum i 1925.. Den sørlege Himmelfredporten (Tian'anmen) har no eit stort portrett av Mao Zedong på seg.BeijingBeijingHimmeltempelet2007Eit 2,73 km² stort anlegg med 92 bygningar,. opphavleg bygt av Yongle-keisaren i 1420, brukt til tradisjonell tilbeding av Himmelen under Ming- og Qing-dynastia, gjort om til offentleg park i 1918..BeijingBeijingSommarpalasset2007Eit 2,97 km² stort anlegg rundt Langt liv-åsen og Kunmingsjøen,. opphavleg bygt av Qianlong-keisaren frå 1750 til 1764 for å representera andre kjende stader i Kina og frå kinesisk mytologi i miniatyr, brukt som uoffisielt hovudpalass i resten av Qing/tida, rasert av europeiske styrkar i 1860 under Den andre opiumskrigen,. attreist av Cixi og senter for styresmaktene seint i Qing-tida, skadd og ransaka av utlendingar igjen i 1900 under Boksaropprøret, gjort om til offentleg park i 1924, har gått gjennom omfattande restaurering sidan 1953.BeijingBeijingBadalingogMutianyu - Den kinesiske muren2007Ein 3741 meter lang del av Den kinesiske muren. som fyrst blei bygd i 1505 for å verna Juyong-passet,. restaurert etter 1952. og opna for turistar i 1958. Staden blei vitja av den amerikanske presidenten Richard Nixon då han vitja Kina i 1972.BeijingBeijing13Ming-graver2011 Ein 34,35 km² stor nekropolis bygd mellom 1409 og 1644 i eit dalsøkk i Yanshanfjellet, brukt som gravstad for 13 av 16 Ming-keisarar.BeijingBeijingPrins Gong-huset2012 Eit 6hektar stort anlegg med ein stor hage, opphavleg anlagt i 1777. av Qianlong-keisaren sin korrupte. byråkrat Heshen, brukt som bustad for medlemmer av keisarfamilien, mellom anna diplomaten Yixin i resten av Qing-tida, teke i bruk som studentbustad for kvinner ved Fu-Jen katolske universitet under republikktida og bustad for leiarane av Departementet for offentleg tryggleik under Folkerepublikken, restaurert etter 1982,. og opna som museum i 1996.. Det er eit av dei få overlevande Qing -palassa, av dei 74 som framleis blei brukt av keisarlege prinsar då riket fall..BeijingBeijingOlympiaparken2012Ein 11,59 km² stort. olympiapark anlagt til Sommar-OL 2008 med Beijing nasjonale stadion, Beijing nasjonale inanndørsstadion, Beijing nasjonale vassenter, den olympiske skogparken og Kina vitskaps- og teknologimuseum og Kina etniske museum.BeijingBeijingDet gamle sommarpalasset2020Ligg 8 km nordvest for murane til den tidlegare keisarbyen i Beijing. Det gamle sommarpalasset blei bygd i løpet av 1700- og byrjinga av 1800-talet og var den viktigaste keisarlege residensen til Qianlong-keisaren i Qing-dynastiet og hans etterfølgjarar, og der dei handterte statlege saker; Den forbodne byen blei brukt til formelle seremoniar. Det gamle sommarpalasset er vidt kjent som høgdepunktet for kinesisk keisarleg hage- og palassdesign, og var kjent for dei omfattande hagane sine, bygningsarkitektur og mange kunst- og historiske skattar. Det var kjent som 'Hagen av hagar' () i stordomstida si.BeijingBeijingKeisarkanalen turistiske sceniske område2024 Tianjin