Hill Top er eit hus frå 1600-talet i Near Sawrey nær Hawkshead, i det engelske fylket Cumbria. Det er ein typisk Lakeland-bygning med veggar i ulike steintypar og skifertak.Taylor 1989, p. 22 I fleire tiår husa bygningen barnebokforfattaren og illustratøren Beatrix Potter, som testamenterte det til National Trust. Huset er verna som Grade II*. Han er open for allmugen som forfattarheim, innreia slik det var på Potter si tid.
Beatrix Potter kjøpte gardshuset og eigedommen rundt i 1905 for å bu i det når ho kunne vera vekke frå London og skapa kunst. Ho hadde testamentert huset til National Trust då då ho døydde i 1943. Huset, garden og landsbyane i nærleiken er avbilda i Potter sine bøker The Tale of the Pie and the Patty-Pan, The Tale of Tom Kitten, The Tale of Jemima Puddle-Duck og The Tale of Samuel Whiskers or The Roly-Poly Pudding.
Då Potter åtte garden blei han driven av John Cannon. Den venstre vingen blei bygd av Potter for Cannon og familien hans i 1906. The Tale of Jemima Puddle-Duck blei dedisert til barna hans, Ralph og Betsy, som opptrer i illustrasjonane saman med mor si.
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hill Top, Cumbria» frå , den 24. august 2021.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Beatrix Potter Kategori:Museum i Cumbria Kategori:Byggverk i Cumbria Kategori:National Trust-eigedommar