John Ray () var ein engelsk prest og naturvitskapsmann som vart verdsett som ein av dei tidlegaste naturforskarane blant dei engelske prestane. Fram til 1670 skreiv han namnet sitt som John Wray. Han publiserte viktige arbeid om botanikk, zoologi og naturleg teologi. Han er kjent for klassifisering av plantar i verket Historia Plantarum, eit viktig skritt mot moderne taksonomi. Ray avviste systemet med dikotomisk inndeling der artar vart klassifiserte i samsvar med eit førehandsoppfatta, enten/eller typesystem. I staden klassifiserte han plantar i samsvar med formlikskapar og forskjellar som kom fram ved observasjon. Han var blant dei første som freista ein biologisk definisjon for omgrepet 'art', som «ei gruppe morfologisk liknande organismar som stammar frå ein felles forfar». Eit anna vesentleg bidrag til taksonomi var inndelinga hans av plantar i dei med tofrøbladingar (dicotyledoneae) eller berre eitt, einfrøbladingar, ei inndeling som blir brukt i taksonomi i dag.

Kjelder Første versjon av denne artikkelen bygger på innleinga av «John Ray» frå , den 25. august 2021

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Engelske vitskapsfolk