Buksbomfamilien er ein plantefamilie i buksbomordenen (Buxales). Han inneheld buskar og små tre. Desse har heile blad og blomar som er små, einkjønna og kronlause.
Familien omfattar 4-6 planteslekter med 100-120 artar. I APG III-systemet er slekta Didymeles teken med i buksbomfamilien, denne har tidlegare òg vore rekna til ein eigen familie, Didymelaceae.
Fleire artar i slekta blir brukt som hageplantar. Ingen artar i familien veks naturleg i Noreg, men buksbom blir brukt som hekkplante i mildare delar av landet.
Slekter Slektene under familien kan grupperast slik:
Buksbomslekta (Buxus) Vinterglansslekta (Pachysandra) Sarcococca Styloceras ( = Stylocerataceae?) Simmondsia ( = Simmondsiaceae?) Didymeles
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Buksbomfamilien» frå , den 6. september 2021.
Kategori:Plantefamiliar Kategori:Buksbomordenen