Montreal 1983 er eit uoffisielt konsertalbum av David Bowie, først gjeve ut i 1984. Konserten vart teken opp under Serious Moonlight-turneen til Bowie i Montreal i Canada den 13. juli 1983 og sendt direkte på FM radio.
Dette er den same konserten som konsertopptaket av «Modern Love», som vart nytta som B-sida til studioversjonen av den same songen då denne kom ut på singel.
Konserten kom ut på ulike pirakopiplater i 1983 og 1984. I 2018 vart det gjeve ut på ein dobbel-CD på selskapet Golden Rain, og vart samstundes tilgjengeleg digitalt på plattformer som Spotify.
Spelelista er omtrent identisk til innhaldet på konsertalbum-utgåva av Serious Moonlight.
Innhald Alle songane er skrivne av David Bowie, utanom der andre er nemnde.
CD-innhald
Kjelder Discogs
Kategori:Konsertalbum frå 1984 Kategori:Konsertalbum av David Bowie