Tom Erling Kårbø () er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Bømlo, medlem i Stord Idrettslag. Han vann NM-medalje i 3000 meter hinder ti år på rad, fem av dei i gull. I 2018 tok han elles bronsemedaljen på 5000 meter.
Aktiv I 2009 kom Kårbø på tredjeplass i 3 000 m hinder i noregsmeisterskapen. Dei to neste åra tok han NM-sølv i øvinga, alle desse meisterskapane var Bjørnar Ustad Kristensen den fremste hinderløparen i Noreg. Deretter tok Kårbø over som noregseinar i 3 000 m hinder og vart noregsmeister i 2012, 2013, 2014, 2016, 2018. Under NM 2015 vart han slått i spurten av nemnde Kristensen, også i NM 2017 måtte han nøye seg sølv, spurtslått av Jakob Ingebrigsten. Under noregsmeisterskapen 2018 sprang Kårbø inn til bronse på 5000 meter, før han sikra seg sitt femte NM-gull i hinderløpet.
Kårbø deltok i europameisterskapen i friidrett 2014, 2016, 2018. Han var eit lite stykke unna finaleplass i dei fyrste meisterskapane. I Berlin 2018 kvalifiserte han seg til finalen og vart nummer 11. Under verdsmeisterskapen 2019 i Doha sette Kårbø personbeste i 3 000 meter hinder med 8.27,0, var likevel langt unna å kvalifisere seg til VM-finalen.
Kårbø var ein habil mellomdistanseløpar som på 5 000 meter gjorde personbeste med 14.05,2 i 2017-sesongen. På 1500 meter fekk han som best notert 3.43,7, oppnådd i Sollentuna sommaren 2019, i hans siste sesong på friidrettsbana.
Plasseringar i internasjonale meisterskap EM 2014 i Zürich: Utslått i kvalifiseringa (8.42.3=nr 19) EM 2016 i Amsterdam: Utslått i kvalifiseringa (8.42,7=nr 16) EM 2018 i Berlin: Nr 11 – 8.42,9 VM 2019 i Doha: Utslått i kvalifiseringa (8.27,0=nr 25)
Kjelder
Tom Erling Kårbø ved World Athletics
Kategori:Norske hekkeløparar Kategori:Norske langdistanseløparar Kategori:Norske mellomdistanseløparar Kategori:Noregsmeistrar i friidrett Kategori:Folk frå Bømlo