Katalin Karikó () er ein ungarsk biokjemikar frå Szolnok som bur i USA. Ho har særleg forska på RNA-mediert immunaktivering. Saman med den USA-amerikanske immunologen Drew Weissman oppdaga ho at immunogenisiteten til RNA kunne svekkast gjennom nukleosidmodifikasjon. Teknologien gjer det mogeleg å nytte mRNA i handsaming av sjukdom og danna grunnlaget for utviklinga av mRNA-baserte covid-19-vaksinar (RNA-vaksine).

I 2023 vart ho tildelt Nobelprisen i medisin saman med Drew Weissmann for oppdaginga som gjorde det mogleg å utvikla mRNA-vaksinar mot covid-19.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Katalin Karikó» frå , den 13. september 2021.

Bakgrunnsstoff

Artikkel i The Guardian

Katalin Karikó i pennmedicine.org

Kategori:Ungarske vitskapsfolk Kategori:Biokjemi