Earthling-turneen var ein konsertturné av den britiske musikaren David Bowie for å marknadsføre albumet Earthling, som kom ut i 1997. Turneen byrja 7. juni 1997 i Flughafen Blankensee i Lübeck i Tyskland, og fortsette gjennom Europa og Nord-Amerika før han enda i Buenos Aires i Argentina den 7. november 1997.

Historie Bowie framførte først songar frå Earthling offentleg seint i 1996, då han spelte «Telling Lies» og stundom «Little Wonder» på show på austkysten i USA i september og oktober. Den 9. januar 1997 heldt han ein konsert i Madison Square Garden i høve 50-årsdagen sin. Ein månad seinare kom Earthling ut og Bowie marknadsførte denne med framsyningar på Saturday Night Live (8. februar) og The Tonight Show (11. februar), etterfølgd av ein betaling-per-visning av bursdagskonserten hans den 8. mars.

Bowie og bandet hans byrja øvingane for turneen i april 1997 og venta at turneen skulle vare frå mai til jul i 1997. Bowie føresåg ein «verkeleg lang, lang turné». Under øvingane for turneen spelte Bowie inn nye versjonar av somme av dei eldre songane sine, inkludert «The Man Who Sold the World» og «Stay». Desse oppdaterte versjonane vart framførte under turneen, men sistnemnde kom ikkje ut offisielt før i 2020 då han kom ut på EP-plata Is It Any Wonder?

Det originale konseptet var å framførte to sett: eit vanleg og eit dance-orientert med drum and bass.«David Bowie: The FI Interview» by J.D. Considine, Fi magazine, 1997. oktober pp 36-41 Ideen vart skrinlagd på grunn av antipati frå kritikarar og publikum.Nicholas Pegg, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2004, Etter konserten i Muziekcentrum Vredenburg i Utrecht den 11. juni 1997 vart element av kvar av setta blanda saman til eitt sett.

«Han hata og spele akkurat slik det var på plata,» sa gitaristen Reeves Gabrels. «Han ønskte at eg skulle kle opp songane i dei kleda me gjekk med no.»

Konserten 14. oktober 1997 på Capitol Theatre i Port Chester i New York – sendt på MTV-programmet Live from the 10 Spot – vart lagt til på kort varsel etter at The Rolling Stones hadde avlyst. Den neste konserten den 15. oktober 1997 i Radio City Music Hall i New York City var ein del av GQ Awards.

Setlista inkluderte Laurie Anderson-songen «O Superman» (frå Big Science (1982)) med solovokal av Gail Ann Dorsey.

Eit konsertalbum frå den europeiske delen av turneen kom til miksestadiet med både Bowie, Gabrels og Mark Plati involvert, men selskapet til Bowie, Virgin, avlyste utgjevinga. Utgjevinga kom til slutt ut, med ei litt anna sporliste enn først tenkt, for abonnentar av BowieNet som albumet LiveAndWell.com, som kom ut offentleg i 2021.

Tao Jones Index Bowie og bandet spelte nokre frå «løynde» konsertar under namnet «Tao Jones Index», som med vilje prøvde å skule for folk kven dei var. «Tao Jones Index» var eit ordspel basert på det verkelege namnet til Bowie, David Jones, og Bowie-obligasjonane som kom ut i 1997 (Tao vert uttalt «Dow», som i Dow Jones Index frå den amerikanske aksjebørsen). I følgje Gabrels var det truleg Zachary Alford som kom opp med namnet, og dei spelte berre som Tao Jones Index «eit halvt dusin gonger eller færre», då Bowie vart lei av prosjektet etter at fansen byrja å kjenne han att og rope etter hittane hans. Setta var, i følgje Gabrels, ikkje så mykje som strengt drum and bass som «dance-remiksar»: «Me var inspirerte av dei ulike remiksane av Earthling-songane og tok dei attende og gjorde dei om som eit sceneband.» Bandet spelte sine normale instrument, men utan forsterkarar, og Alford spelte elektroniske trommer. Det var berre ei offisiell utgjeving frå Tao Jones Index-framsyningane: ein 12"-singel av «Pallas Athena» og «V-2 Schneider» (1997).

Eit konsertopptak var frå 10. juni 1997, der versjonane av «Pallas Athena» og «V2-Schneider» var henta frå. Eit anna opptak var frå 19. juli 1997 på Phoenixfestivalen. Konserten deira i BBC Radio 1 sitt dansetelt skjedde før den vanlege konserten på hovudscenen dagen etter.

Turnéband David Bowie – vokal, gitar, alt- & barytonsaksofon Reeves Gabrels – gitar, korvokal Gail Ann Dorsey – bassgitar, vokal, klaverinstrument Zack AlfordDiscogs – Zachary Alford – Profile & Discography – trommer, perkusjon Mike Garson – klaverinstrument, korvokal

Konsertar Dato By Land Spelestad Oppvarmingsshow 17. mai 1997 Dublin Irland The Factory Studios 2. juni 1997 London England Hanover GrandDiscogs – Song & Dance – 1997 unOfficial 2CD, Dancing Horse (DH-017) Japan ~ Live at Hanover Grand Theatre, June 1997 3. juni 1997 5. juni 1997 Hamburg Tyskland Große Freiheit Europa 7. juni 1997 Lübeck Tyskland Flughafen Blankensee 8. juni 1997 Offenbach am Main Bieberer Berg Stadion 10. juni 1997 Amsterdam Nederland Paradiso 11. juni 1997 Utrecht Muziekcentrum Vredenburg13. juni 1997 Essen Tyskland (avlyst) Essen stadion Dortmund Westfalenhalle 14. juni 1997 Paris Frankrike Parc des Princes 16. juni 1997 Rezé La Trocardiére 17. juni 1997 Bordeaux La Médoquine 19. juni 1997 Clermont-Ferrand Maison des Sports 21. juni 1997 Leipzig Tyskland Go Bang-festivalen 22. juni 1997 München 24. juni 1997 Wien Austerrike Sommer ArenaDiscogs – Live in Wien Arena 1997 unOfficial 2CD, Phantom Private Records (WADB01/02) Tyskland ~ Live at Sommer Arena, Wien, 24. juni 1997 25. juni 1997 Praha Tsjekkia Congress Centre 28. juni 1997 Oslo Noreg Kalvøyafestivalen 29. juni 1997 Turku Finland Ruisrock-festivalen 1. juli 1997 Zagreb Kroatia Dom Sportova 2. juli 1997 Pistoia Italia Piazza del Duomo 4. juli 1997 Torhout Belgia Torhout-festivalen 5. juli 1997 Werchter Werchter-festivalen 6. juli 1997 Ringe Danmark Midtfynsfestivalen 8. juli 1997 Brescia Italia Stadio Mario Rigamonti 10. juli 1997 Napoli Neapolis-festivalen 11. juli 1997 Arbatax Rocce Rosse-festivalen 13. juli 1997 Frauenfeld Sveits Out in the Green15. juli 1997 Madrid Spania (avlyst) Las Ventas Aqua Lung 16. juli 1997 Zaragoza Pabellón Príncipe Felipe 17. juli 1997 San Sebastián Velodromo De Anoeta 19. juli 1997 Stratford upon Avon England PhoenixfestivalenLong Marston Airfield(som Tao Jones Index) 20. juli 1997 22. juli 1997 Glasgow Skottland Barrowlands 23. juli 1997 Manchester England Manchester Academy 25. juli 1997 Malmö Sverige Mölleplatsen 26. juli 1997 Stockholm Lollipop-festivalen 27. juli 1997 Gdańsk Polen (avlyst) Stadion Lechii 29. juli 1997 Lyon Frankrike Fourvière 30. juli 1997 Juan-les-Pins Pinede Gould 1. august 1997 Birmingham England Que Club 2. august 1997 Liverpool Royal Court 3. august 1997 Newcastle upon Tyne Riverside 5. august 1997 Nottingham Rock City 6. august 1997 Leeds Town & Country Club 8. august 1997 Dublin Ireland Olympia Theatre 9. august 1997 11. august 1997 London England Shepherd's Bush Empire 12. august 1997 14. august 1997 Budapest Ungarn Student Island FestNord-Amerika 6. september 1997 Vancouver Canada Plaza of Nations 7. september 1997 Seattle USA Paramount Theater 9. september 1997 San Francisco The Warfield 10. september 1997 Los Angeles Hollywood Athletic Club 12. september 1997 Los AngelesUniversal Amphitheatre 13. september 1997 15. september 1997 San FranciscoThe Warfield 16. september 1997 19. september 1997 Chicago The Vic Theater 21. september 1997 Detroit State Theatre 22. september 1997 24. september 1997 Montreal Canada Metropolis 25. september 1997 27. september 1997 Toronto WarehouseDiscogs – The Chaos Girls – 1998 unOfficial 2CD, Montserrat Records (BRCD 2900/1) TysklandDiscogs – Jungle Fever – 1998 unOfficial 2CD, Montserrat Records (BRCD 2902/03) Tyskland ~ the CFNY Studios, Toronto 1997-09-26th 28. september 1997 30. september 1997 Boston USA Orpheum TheatreDiscogs – Adventures in Cyberspace – 1997 unOfficial 2CD, Dancing Horse (DH-020) ~ Boston's Orpheum Theatre, 1. oktober 1997 Cybercast 1. oktober 1997 3. oktober 1997 Philadelphia Electric Factory 4. oktober 1997 7. oktober 1997 Fort Lauderdale Chili Pepper 8. oktober 1997 10. oktober 1997 Atlanta International Ballroom 12. oktober 1997 Washington, D.C. The Capitol Ballroom 13. oktober 1997 New York City The Supper Club 14. oktober 1997 Port Chester Capitol Theatre (MTV 10-Spot) 15. oktober 1997 New York City Radio City Music Hall (GQ Awards) 17. oktober 1997 Chicago Aragon Ballroom 18. oktober 1997 Saint Paul Roy Wilkins Auditorium 23. oktober 1997 Mexico City Mexico Foro SolSør-Amerika 31. oktober 1997 Curitiba Brasil Paulo Leminski Concert and Entertainment Hall 1. november 1997 São Paulo Ibirapuera Arena 2. november 1997 Rio de Janeiro Citibank Hall 5. november 1997 Santiago Chile Estadio Nacional de Chile 7. november 1997 Buenos Aires Argentina Estadio Arquitecto Ricardo Etcheverri

Songar

Frå Space Oddity «Space Oddity» Frå The Man Who Sold the World «The Man Who Sold the World» «The Supermen» Frå Hunky Dory «Quicksand» «Queen Bitch» Frå The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars «Moonage Daydream» «Lady Stardust» Frå Aladdin Sane «Aladdin Sane (1913-1938-197?)» «Panic in Detroit» «The Jean Genie» Frå Live Santa Monica '72 «My Death» (opphavleg frå La Valse à Mille Temps (1959) av Jacques Brel; skriven av Brel & Mort Shuman) «I'm Waiting for the Man» (opphavleg frå The Velvet Underground & Nico (1967) av The Velvet Underground og Nico, skriven av Lou Reed) Frå Ziggy Stardust: The Motion Picture «White Light/White Heat» (opphavleg frå White Light/White Heat (1968) av The Velvet Underground; skriven av Lou Reed) Frå Young Americans «Young Americans» «Fame» (Bowie, John Lennon, Carlos Alomar) Frå Station to Station «Stay» Frå Low «Always Crashing in the Same Car» Frå "Heroes" «"Heroes"» (Bowie, Brian Eno) «V-2 Schneider» Frå Lodger «Look Back in Anger» (Bowie, Eno) Frå Scary Monsters (and Super Creeps) «Ashes To Ashes» «Scary Monsters (and Super Creeps)» «Fashion» Frå Let's Dance «Let's Dance» «China Girl» Frå Tin Machine «I Can't Read» (Bowie, Reeves Gabrels) Frå Black Tie White Noise «Pallas Athena» (Tao Jones Index-versjonen) Frå Outside «Outside» (Bowie, Kevin Armstrong) «The Hearts Filthy Lesson» (Bowie, Eno, Gabrels, Mike Garson, Erdal Kızılçay, Sterling Campbell) «Hallo Spaceboy» (Bowie, Eno) «The Motel» (Bowie, Eno) «The Voyeur of Utter Destruction (as Beauty)» (Bowie, Eno, Gabrels) «I'm Deranged» (Bowie, Eno) «Strangers When We Meet» Frå Earthling «Little Wonder» (Bowie, Gabrels, Mark Plati) «Looking for Satellites» (Bowie, Gabrels, Plati) «Battle for Britain (The Letter)» (Bowie, Gabrels, Plati) «Seven Years in Tibet» (Bowie, Gabrels) «Dead Man Walking» (Bowie, Gabrels) «Dead Man Walking (Moby Mix)» (Bowie, Gabrels) «Telling Lies» «The Last Thing You Should Do» (Bowie, Gabrels, Plati) «I'm Afraid of Americans» (Bowie, Eno) Andre songar: «Can't Help Thinking About Me» (tidleg singel (1966)) «All the Young Dudes» (frå All the Young Dudes (1972) av Mott the Hoople; skriven av Bowie) «Under Pressure» (opphavleg ein singel (1981) av Bowie og Queen, seinare på Hot Space åre etter; skriven av Bowie, John Deacon, Brian May, Freddie Mercury, Roger Taylor) «Volare (Nel Blu Dipinto Di Blu)» (ein singel av Domenico Modugno, skriven av Modugno and Franco Migliacci) «Is It Any Wonder?» (Instrumental jam basert på «Fame», omarbeidd som «Fun» for ei BowieNet-utgjeving) «O Superman (For Massenet)» (frå Big Science (1982) av Laurie Anderson; skriven av Anderson)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Earthling Tour» frå , den 18. september 2021. oppgav desse kjeldene: David Buckley, Strange Fascination: The Definitive Biography of David Bowie, Virgin Books, 1999,

Kategori:David Bowie-turnear Kategori:Konsertturnear i 1997