Glastonbury 2000 er eit konsertalbum av den engelske musikaren David Bowie. Det vart spelt inn søndag kveld 25. juni 2000 då Bowie var hovudartisten på Glastonburyfestivalen. Albumet var første gongen heile videoen og heile konserten kom ut, 18 år etter konserten. Konserten vart kringkasta i sin heilskap for første gongen på BBC2 den 28. juni 2020.

Bakgrunn Publikumstalet på Glastonbury dette året var estimert til å ha vore 250 000. Bowie bad pianisten Mike Garson om å «varme opp publikum» før hans eigen konsert starta, slik Garson hadde gjort før den siste Ziggy Stardust-konserten nesten 30 år tidlegare.

Glastonbury-organisatoren Emily Eavis sa, «Eg har ofte blitt spurt om kva den beste konserten eg har sett her på Glastonbury er, og det er alltid Bowie-konserten i 2000 eg tenkjer på først. Han var trollbindande. Han fekk absolutt heile det enorme publikummet oppslukt. Eg trur Bowie hadde eit særs djupt forhold til Worthy Farm og han fortalte meg nokre fine soger frå første gongen han var på festivalen i 1971, då han budde på det kjende gardshuset og spelte kl. 06 om morgonen medan sola kom opp. Og han spelte berre den perfekte konserten her. Det var verkeleg spesielt og kjenslemessig.» Garson sa at av alle konsertane han hadde spelt med Bowie var Glastonburykonserten hans favoritt.

Faren til Emily Eavis, Michael, som skipa festivalen, møtte Bowie første gongen på Glastonbury i 1971. Han sa: «Han er ein av dei tre største gjennom tidene: Frank Sinatra, Elvis Presley og David Bowie.»

Innhald Alle songane skrivne av David Bowie, utanom der andre er nemnde.

Turnéband David Bowie – vokal, akustisk gitar, munnspel Earl Slick – sologitar Mark Plati – rytmegitar, akustisk gitar, bassgitar, korvokal Gail Ann Dorsey – bassgitar, rytmegitar, klarinett, vokal Sterling Campbell – trommer, perkusjon Mike Garson – klaverinstrument, piano Holly Palmer – perkusjon, vokal Emm Gryner – klaverinstrument, klarinett, vokal

Salslister Liste (2018) Plassering Italienske album (FIMI) 32 Spanske album (PROMUSICAE) 46 Svenske album (Sverigetopplistan) Click på «Veckans albumlista». 39

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Glastonbury 2000» frå , den 20. september 2021. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Konsertalbum frå 2018 Kategori:Konsertalbum av David Bowie Kategori:Parlophone-album Kategori:Album produserte av Tony Visconti Kategori:Glastonburyfestivalen