«Pablo Picasso» er ein song skriven av Jonathan Richman Accessed 21. september 2021 for protopunk-gruppa The Modern Lovers. Songen vart spelt inn i 1972 i Whitney Studios i Los Angeles, og produsert av John Cale, men kom ikkje ut før i 1976 på det sjølvoppkalla debutalbumet deira. Innspelinga bestod av Richman (sologitar, vokal), Ernie Brooks (andregitar), Jerry Harrison (bass) og David Robinson (trommer), med Cale på repeterande piano.

Den sentrale karakteren i songen er kunstnaren Pablo Picasso.[ Allmusic.com «Pablo Picasso» review]. Accessed 15. august 2007. Tørrvittig indikerer teksten at kvinner aldri avviste Picasso sine romantiske framskritt, trass i at han var kort av vekst. «Well he was only five foot three but girls could not resist his stare / Pablo Picasso was never called an asshole / Not in New York». I eit intervju i 1980 sa Richman at songen var inspirert av hans eigne vaksne «sjølvmedvit» med kvinner.http://www.bostongroupienews.com/JonathanRichmanInterview.html

Andre versjonar På plate 1975 – John Cale, på albumet sitt Helen of Troy (gjeve ut før originalen) 1979 – Catholic Discipline på albumet Underground Babylon ei samling konsertopptak 1984 – Burning Sensations i Repo Man 1991 – Phranc-versjonen set inn Gertrude Stein som den sentrale karakteren. Denne kom ut på albumet hennar Positively Phranc 1998 – Television Personalities på Don't Cry Baby... It's Only a Movie 1999 - The Mentally Ill på albumet Strike the Bottom Red 2003 – David Bowie, på albumet sitt Reality; eit konsertopptak frå Riverside Studios, Hammersmith, London den 8. september 2003 kom ut på 'Tour Edition' av Reality 2007 – Blue Peter, på albumet deira Burning Bridges, konsertopptak frå 1980 2007 – Four Year Beard på albumet Hero: The Main Man Records Tribute to David Bowie (2007) 2012 – The Tellers på albumet A Tribute to Repo Man 2018 – Jack White live på Spotify Singles

Konsert 1998 Siouxsie - The Creatures med John Cale under den doble amerikanske konsertturneen deira i 1998.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Pablo Picasso (song)» frå , den 21. september 2021. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1972 Kategori:Pablo Picasso Kategori:Songar om målarar Kategori:Songar produserte av John Cale Kategori:The Modern Lovers-songar Kategori:Protopunk-songar Kategori:David Bowie-songar