Aleksandr Arturovitsj Rou (også Rowe, ) var ein irsk-russisk filmregissør i Sovjetunionen, utnemnd til folkekunstnar av RSFSR i 1968. Han laga ei rekkje fantastiske barnefilmar, hovudsakleg basert på russisk folkeminne, som var svært populære og ofte blei etterlikna i Sovjetunionen.
Rou var son av ein irsk ingeniør, Arthur Rowe, som var komen til Russland i 1905 for å setja i gang mjølproduksjon, og ei gresk mor, Julia Karageorgia.Sputnitskaya, Yulia. Ptushko. Rou. Mater-class in Soviet Kino-fantasy. s. 162 Faren arbeidde i Jurjevets. Han forlet familien og vende tilbake til Irland i 1914.
I 1930 blei Rou tilsett ved Mezhrabpomfilm, der han mellom anna var assistentregissør for Jakov Protazanov. Frå 1937 arbeidde han ved studioet Soyuzdetfilm, seinare kjent som Gorkij filmstudio. Den fyrste filmen hans, Po sjtsjuutsjemu veleniju (, 1938), bygde på eit skodespel Jelizaveta Tarakhovskaja hadde skrive over eventyret 'Som gjedda sa' og handla om Jemelja, ein fattig bondegut som får ei tverr prinsesse til å dansa og le. Han regisserte over 20 fantasifilmar som blei enormt populære og bidrog til ei auka interesse for slike filmar blant seinare filmskaparar.
Rou døydde på eit sjukehus i Moskva i 1973 medan han heldt på å laga den siste filmen sin, Finist – jasnyj sokol, basert på eventyret 'Fjøra til falken Finist' og dikt av Mikhail Nozjkin. Gennadij Vasiljev fullførte filmen, som kom ut i 1976.
Døme på filmar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Alexander Rou» frå , den 22. september 2021.
Kategori:Russiske regissørar Kategori:Sovjetiske regissørar