«Valentine's Day» er ein song av den engelske musikaren David Bowie, gjeven ut som den fjerde singelen frå det 24. studioalbumet hans The Next Day. Singelen vart gjeven ut 19. august 2013. Dette var den siste 7"-singelen frå eit nytt album medan Bowie levde. Teksten er basert på psykologien til ein skuleskytar.

Innspeling «Valentine's Day» var ein av dei siste songane spelte inn for The Next Day. Akkompagnementet vart spelt inn den 24. juli 2012 i The Magic Shop i New York City, medan vokalen til Bowie vart spelt inn 18. september 2012 i Human Worldwide Studios i New York City.

Utgjeving Singelen kom ut 19. august 2013 i Storbritannia og 20. august i USA og andre land. Tidleg i august 2013 vart singelen lagt til A-spelelista til BBC Radio 2. Singelen gjekk inn på UK's Airplay Chart Top 40 den 9. august 2013, og vart den nest mest suksessrike singelen frå The Next Day (etter «Where Are We Now?») når det gjaldt radiospeling. Songen nådde 179. plassen på den britiske singellista.

Video Videoen for «Valentine's Day» vart regissert av Indrani Pal-Chaudhuri og Markus Klinko, som tidlegare hadde samarbeidd med Bowie i 2002 på albumet hans Heathen. Han syner Bowie på ein forlaten Red Hook Grain Terminal i Red Hook i Brooklyn i New York. I videoen speler Bowie ein G2T Hohner-gitar medan han framførte songen. Mange samanlikna videoen med den kontroversielle videoen til den føregåande singelen, «The Next Day» og skildra han som meir «dempa». Men det var visuelle hint mot våpenvald og NRA, som indikerte at videoen hadde eit forsiktig anti-våpenmelding.

Salslister Liste (2013)PlasseringUK Singles Chart 179

Medverkande I følgje biografen Chris O'Leary: David Bowie – solo- og korvokal Earl Slick – solo- og akustisk gitar Tony Visconti – bassgitar Sterling Campbell – trommer

Produksjon David Bowie – produsent Tony Visconti – produsent

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Valentine's Day (David Bowie song)» frå , den 24. september 2021. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Singlar frå 2013 Kategori:Songar frå 2013 Kategori:David Bowie-songar Kategori:Songar produserte av Tony Visconti Kategori:Songar skrivne av David Bowie Kategori:Columbia Records-singlar