Aleksandr Milhailovitsj Rodtsjenko () var ein russisk kunstnar, skulptør, fotograf og grafisk designar. Han var ein av grunnleggjarane av konstruktivisme og russisk design.
Rodtsjenko var ein av dei mest allsidige russiske kunstnarane som dukka opp etter den russiske revolusjonen. Han jobba som målar og grafikar før han slo seg til ro med fotografi. Fotograferinga hans var sosialt engasjert, formelt nyskapande og i motsetnad til det målarisk estetiske.
Mykje av arbeidet til grafiske designerar seinare på 1900-talet er eit direkte resultat av tidlegare arbeid Rodtsjenko gjorde innan feltet. Innverknaden hans på seinare kunstnarar har vore så gjennomgripande at det ville vera nesten umogleg å skilja ut alle designerane arbeidet hans har påverka.
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Aleksandr Rodtsjenko» frå , den 26. september 2021.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Folk frå St. Petersburg Kategori:Russiske kunstnarar Kategori:Kunstnarar frå 1900-talet Kategori:Abstrakte målarar