«Girl Loves Me» er ein song av den engelske musikaren David Bowie. Det er det femte sporet på det 25. og siste studioalbumet til Bowie, Blackstar, utgjeve 8. januar 2016. Songen vart skriven av Bowie og produsert av Bowie og Tony Visconti. «Girl Loves Me» nådde 87. plassen på Nederlandsk Topp 100 og 146. plassen på UK Singles Chart.
Komposisjon «Girl Loves Me» er kjend for bruken av polari og nadsat i teksten. Sistnemnde er ein oppdikta slang skapt av Anthony Burgess og som ofte vart nytta i romanen hans A Clockwork Orange frå 1962. Songen inneheld òg ein referanse til Chestnut Tree, ein bar i siste del av den dystopiske romanen 1984 av George Orwell. Dette er dels brukt fordi Chestnut Tree er ein stad i romanen der hovudpersonen går for å finne ut at han ikkje lenger kjenner kjenslene sine for kjærleik, og teksten i songen har ein opplagt referanse til kjærleik, som i tittelen.
Mottaking Rolling Stone kalla «Girl Loves Me» favorittsongen deira på Blackstar, og omtalte han som «mørk, trippy og sexy på måtar berre det avdøde, store ikonet kunne klare å hale i land.» NME kalla songen ein «truande, militaristisk tattoo,» og meinte at Bowie kanskje var påverka av rapperane Future og Young Thug på songen.
Salslister +Salslister for «Girls Loves Me»Liste (2016)Plassering Sweden Heatseeker (Sverigetopplistan) 2 UK Singles (Official Charts Company) 146
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Girl Loves Me» frå , den 28. september 2021. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 2016 Kategori:David Bowie-songar Kategori:Songar skrivne av David Bowie Kategori:Songar produserte av David Bowie Kategori:Songar produserte av Tony Visconti