Conversation Piece er ein plateboks av den engelske musikaren David Bowie, gjeven ut i november 2019. Samlinga består av fem CD-plater med innspelingar gjort i 1968 og 1969. Boksen inneheld heimedemoar og BBC-innspelinga, i tillegg til to miksar av albumet Space Oddity frå 1969: den originale stereomiksen frå 1969 og ein ny miks frå 2019 produsert av Tony Visconti særskild for samlinga. Innspelinga av 1969-miksen er ei nytrykking av den ommastra CD-utgåva frå 2009, som vart vald ut fordi han vart mastra for å passe den originale LP-utgåva, ein prioritet Parlophone ikkje hadde gjort då dei skapte nymastringane for plateboksen Five Years (1969–1973) i 2015.
Dei fleste av demoane kom ut tidlegare i 2019 i vinylboksane Spying Through a Keyhole, Clareville Grove Demos og The 'Mercury' Demos. 2019-miksen av Space Oddity vart òg gjeven ut separat på CD og LP og som digital nedlasting og strøymetenester samstundes med boksen.
Innspelingar Dei første 11 spora vart truleg spelte inn mellom januar og mars 1968, kring tida då «In The Heat of The Morning» og «London Bye Ta-Ta» vart spelte inn i studio. Spor 12 og 13 vart òg truleg spelte inn i november 1968, kort tid etter at Bowie skreiv songen «Space Oddity».David Bowie – Spying Through a Keyhole Liner Notes, 2019, Parlophone Spor 14 vart spelt inn ein gong mellom november 1968 og spor 15 til 23 i januar 1969.David Bowie With John 'Hutch' Hutchinson – Clareville Grove Demos Liner Notes, 2019, Parlophone
Mercury-demoane vart spelte inn ein gong mellom det første studioforsøket av «Space Oddity» den 2. februar 1969 og då Bowie flytta til Beckham i midten av april.Bowie – Mercury Demos Liner Notes, 2019, Parlophone
Spor 1-2 av den tredje plata vart spelt inn mellom 12. mars og 18. april 1968 i Decca Studios,David's Deram Chronology – Kevin Cann (2010, 'David Bowie' Liner Notes, Deram) medan spor 3–7 vart spelt inn 13. mai i BBC Radio Studios.David Bowie – At The Beeb (Liner Notes, 2000) Etter dette kjem «Ching A Ling», spor 8, som vart spelt inn på to økter mellom 24. oktober og 27. november 1968. Spor 9 vart spelt inn 2. februar 1969 i Morgan Studios. Spor 10 vart spelt inn 20. juni 1969, with Track 11 likely being recorded around the same time,Kevin Cann (2010). Any Day Now – David Bowie: The London Years: 1947–1974: p.154 og spor 12 er frå kring juli til september. Spor 14-16 vart spelte inn 20. oktober.
Innhald Alle songane skrivne av David Bowie, utanom der andre er nemnde.
Salslister I Vallonia nådde Conversation Piece 127. plassen på albumlista i 2019.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Conversation Piece (box set)» frå , den 29. september 2021. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Samlealbum av David Bowie Kategori:Samlealbum frå 2019 Kategori:Parlophone-album